Kvifor scrollar eg så mykje? Kvifor får eg opp akkurat dette innhaldet? Kor godt kjenner TikTok meg eigentleg, og lyttar Meta til kva eg seier? Med utgangspunkt i konkrete spørsmål om kvifor SoMe-feeden ser ut som den gjer, vil Bår Stenvik i dette foredraget gi ein betre innsikt i korleis algoritmar og sosiale medier er med på å forme og styre liva våre. For kven er det eigentleg som bestemmer kva vi ser på dagen lang? Er det vi sjølv, folk som Mark Zuckerberg – eller ein uhandgripeleg kunstig intelligens?
Bår Stenvik er forfattar og journalist og har gitt ut fleire sakprosabøker, som BLØFF – Hvordan juks og selvbedrag gjør oss til ekte mennesker (2014), Det store spillet om å overleve i algoritmenes tidsalder (2020) og Hvem styrer feeden min? Kunstig intelligens, sosiale medier og kampen om oppmerksomheten vår (2025)
Arrangementet er gratis. For å sikre deg plass kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.
Arrangørar: Ål bibliotek og Ål frivilligsentral
Last modified: 02.09.2026
Kilde: Hallingdal Reiseliv
Se hva som er i nærheten
Foredrag: Bår Stenvik – Kven styrer feeden min?































































