Kjell Johannessen (f. 1951) voks opp på Jørpeland i Strand kommune. Han er utdanna ved Statens Høgskole for kunsthandverk og design og Vestlandets Kunstakademi i Bergen der han utvikla han eit formspråk der skulptur og kunsthandverk møtest.
Sjølv om Johannessen arbeider i fleire materiale, mellom anna stål, marmor, granitt, betong og bronse, er det leire og steingods som har blitt hans fremste uttrykksmiddel. Særleg kjend er han for dei skulpturelle lysestakane sine, ofte med eit rått og monumentalt preg og detaljar inspirerte av barokken.
Han debuterte på Vestlandsutstillinga i 1976 og på Høstutstillingen i 1983. Arbeida hans er kjøpte inn av Nasjonalgalleriet og fleire museum, og han har utført ei rekkje offentlege og private utsmykkingar.
I Bergen etablerte han eige verkstad i 1981 og seinare Mariakrypten Galleri, som vart ein viktig arena for keramikkunst. Johannessen har også vore sentral i utviklinga av heimstaden Jørpeland gjennom kunst- og byutviklingsprosjekt, mellom anna internasjonale symposium i rustfritt stål. Ved sida av kunstnarverksemda er han ein aktiv samfunnsdebattant innan byutvikling, arkitektur og kultur.
Last modified: 24.08.2026
Kilde: Hallingdal Reiseliv































































