Me inviterer til ein spennande kveld med vinsmaking ilag med Thea Engvik, der ho vil la oss utforske 5 stilar av pinot noir og lære oss om desse..
Pinot noir er ei drue som er ein favoritt hjå mange på grunn av ein elegant og kompleks karakter, i alt frå lette bobler til kraftige raudvinar. Ei utruleg matvennleg drue, så Thea, som er lidenskapleg opptatt av mat og vin i kombinasjon, vil sjølvsagt kome med nokre tips her også.
Thea Engvik er utdanna ved den prestisjefylte Le Cordon Bleu i Paris, og sommelier frå Norsk Vinfagskole i Oslo.
Med erfaring som kokk frå restaurantane Noma og Maaemo, begge med tre Michelin-stjerner, har ho ikkje berre imponerande fagleg kompetanse, men også eit smittande godt humør og ein stor lidenskap for vin. Kanskje du har sett Thea som gjestekokk på God Morgen Norge, eller på instagram-kontoen hennar: theasmaker der ho deler kunnskapen sin på ein engasjerande måte.
Medarrangør: Ål kunstforening
Last modified: 03.09.2026
Kilde: Hallingdal Reiseliv
Se hva som er i nærheten
Vinsmaking: Pinot Noir m/Thea Engvik































































