Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Overnatting

    Scandic Hotels - i alle landets store byer

    Nordic Choice Hotels - en annerledes hotellkjede

    Thon Hotels - fantastisk frokost

    Radisson Blu Hotels - finn dine favorittreisemål

    Citybox - moderne lavprishotell med sentral beliggenhet

    Beitostølen - Eventyr og nytelse hele året

    DanCenter - din feriehusekspert i Norge

    Norgesbooking - finn en koselig hytte til norgesferien

    Campcation –  Bestill camping over hele Norge med Campcation

  • Transport

    Vy - det har aldri vært enklere å reise med tog

    SJ NORD - opplevelsen starter på toget

    Vy express - reis med buss over hele Norge

    NOR-WAY Bussekspress - bussreiser i hele Sør-Norge

    DFDS - ta den behagelige sjøveien fra København til Oslo

    AutoEurope - stort utvalg og uslåelige priser

    Rent-A-Wreck - det smarte leiebilvalget

    Arctic Campers - lei din bobil eller camper

    Cabin Campers - nasjonalromantisk opplevelse på fire hjul

  • Reiser og rundturer

    Hurtigruten - "Verdens vakreste sjøreise"

    Fjord Tours - opplev Norge i et nøtteskall® med kun én billett

    Authentic Scandinavia - spennende norgesreiser

    Up Norway - skreddersydde reiser

    Norrøna Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser

    Brim Explorer – Stille fjordturer med elektrisk katamaran

    Fjord Travel – Norge på sitt vakreste!

    Go Fjords - Turer og aktiviteter over hele Norge

    Discover Norway - opplevelser i Norge. Ferdigpakka ski-, sykkel- og fotturer

    Norwegian Holidays - pakkereiser til lave Norwegian-priser. Fly, hotell og leiebil

    Booknordics.com - aktiviteter, safarier, turer, hytter og opplevelseshotell

    Stromma - sightseeingturer og opplevelser med buss, båt og tog.

  • Offers

Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Øya Kinn

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

Med flott turterreng og lett tilkomst med rutebåt frå Florø er Kinn eit populært turmål heile året.

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova. 
Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Kyrkja vart renovert i 2018 - 2020. 
Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. ​​Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.
LOKALBÅT TIL KINN
Reis til Kinn, og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til Kinn. Det går lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Kinn kvar dag. Det går 5 båtar kvar dag mandag - fredag og 2 båtar kvar dag i helgane. Det blir satt opp ekstra båtar på sommaren.

Sjå entur.no for rutetider. (Frå: Florø kai, Kinn. Til: Kinn kai, Kinn). Du kan kjøpe billett til lokalbåten om bord. Det kostar 90,- for ein vaksen per veg, barn/honnør betalar halv pris. Ein del av stoppa på Kinn er såkalla "ringestopp". Dette betyr at båten kjem til Kinn på oppsette tider dersom mannskapet veit at det er passasjerar. Når du søker etter rutetider på entur.no og trykker på "merknader" får du opp telefonnummeret til båten. Du må ringe båten før den går frå Florø. 
TURSTIAR
Etter at du stig i land på Kinn kan du følgje vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg. Har du lyst på ein litt lengre tur, kan du gå rundt øya før du kjem tilbake til kaia der lokalbåten tek deg tilbake til Florø. Det er om lag 3 km frå kyrkja og rundt øya tilbake til kaia, og du kan rekne om lag 2 timar i gangtid. Turen rundt øya passar for både store og små, og går stort sett i lett terreng. Det er noko bratt terreng opp og ned Høgskaret. Det er merka tursti rundt øya og opp "Inste Stauren", den høgste toppen i Kinnaklova. Frå toppen av stauren er det storslått utsikt!  Du bør berekne ekstra tid om du går opp Inste Stauren. Ein kan også gå til toppen av Kinnafjellet. Her startar stien frå grusvegen mellom kyrkja og kaia. For meir detaljert turbeskrivelse sjekk Ut.no
Overnatte på Kinn
Det er mogleg å overnatte i det gamle skulehuset, som no er DNT-hytte. Det er kodelås på hytta. Ta kontakt med Signe Nordvik tlf 41530520 for bestilling av DNT-hytta. Det er også fint å overnatte i telt på Kinn.
Gjestebrygge
Det er ei lita flytebrygge kor du kan legge eigen båt. Prisen er 100,- pr. 4 timar og 200,- pr. døgn. Du kan ligge gratis ved steinkaia, men ikkje slik at du ligg i vegen for rutebåt og ambulansebåt.  ​​​​​​
Kinnaspelet
Kvart år, i juni, vert Kinnaspelet vist på tunet framfor Kinnakyrkja. Kinnaspelet er eit historisk spel om kjærleik, hat, truskap, og lojalitet til kyrkja og til menneske. Sidan premieren i 1985 har nær 90 000 personar sett Kinnaspelet. Gjennom meir enn 30 år utan avbrekk og utan ei einaste avlyst forestilling, har Kinnaspelet vore framført mellom bergveggen og steinkyrkja på den vesle øya Kinn vest for Florø.
Kinnaspelet er ei oppleving det ikkje finst maken til: Det naturlege lune og lydvare amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe - ja, berre båtreisa ut gjennom øygarden gjer Kinnaspelet til noko ein ber med seg i lang tid.
Guida tur
For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt med Visit FjordKysten på mail@fjordkysten.no eller tlf. 57743000.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Generelt

Årstid
  • Høst
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages