VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland STRYN

Bødalseter

  •  /  km From You
Overview

Bødalseter ligg på 585moh i Jostedalsbreen nasjonalpark. Setra som står der i dag er oppattbygd etter ei rasulukke i 1893.

Ved enden av Lovatnet finn ein Bødalen, her i frå går det ein bomveg opp til Bødalseter. Vegen til Bødalseter er ca 5 km lang, delvis asfaltert og nokre stadar med grus. Bilen egnar seg for personbilar då den er smal og kronglete på enkelte plassar. Ved vegs ende kjem ein til ein parkeringsplass, her i frå går det ein grusveg inn til Bødalsseter, denne korte gåturen tar omlag ti minutt å gå.

På Bødalseter finn ein eit område som er tilrettelagt for camping med telt. Det er viktig at dei som campar her held området fint og forlet det slik som ein fann det. Her er det god kapasitet for telt, eit fellesrom ein kan søke ly i , samt nokre plassar innandørs for overnatting. På campen finn ein to toalett og vask. Her er ingen straum, men der er solcellelys. Har du søppel skal det takast med nedatt til Bødalen der ein finn container å hive det i. Ein kan fint drikke vatnet i kranene på campen, eller hente frå elva som renn like ved. Inne på området finn ein benkar og eigne bålplassar, det er viktig å late att grinda til området slik at ikkje beitedyr kjem inn.
Her gjeld første mann til mølla” prinsippet, det er altså ingen booking. Men det kan vere ein fordel for større grupper å gi ein lyd før dei kjem.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages