Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ørsta

Brudavolltunet

Brudavolltunet

Brudavollen vart truleg busett på slutten av 1500-talet, etter å ha lege aude lenge. På 1600-talet vart garden teken av skred og husa sette opp att på ein ny stad. Dagens tun er bygd tidleg på 1800-talet. Den eldste delen av bygningane er frå 1600-talet. Hageanlegget vart etablert kring 1830 og var til inspirasjon for hagedyrkinga i distriktet, som tok til utover 1800-talet.

Om garden

Garden var ei tid av dei største i gamle Ørsta. Før som no har folk vore nøydde til å søkje andre levevegar eller nye stader for å livberge seg. Banda mellom heimegarden og dei utflytte var ofte solide, og impulsane utanfrå gjorde at folket på Brudavollen følgde godt med i samfunnsutviklinga. Frå Brudavollen kom mellom anna den første sunnmøringen som vart nordamerikanar for godt, og den første jordmora i gamle Ørsta kommune.

Brudavollhagen vart opparbeidd av Nils Torkelson Brudevold, truleg i 1830-åra. Det skal vere ein av dei første hagane i Ørsta som er knytt til ein gard.

Ørsta bygdemuseumslag samlar frivillige til dugnad og skiping av ulike arrangement i Brudavolltunet.

Museet er elles ope etter avtale gjennom året. Ta kontakt på telefon.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Brudavolltunet

Sider du nylig har besøkt