183
Bytoget Ålesund Sightseeing











Opplev Ålesunds jugendstil, historie og utsikt – med Bytoget som guide gjennom byen frå Brosundet til Aksla.
Ålesund er kjend for si vakre jugendstilarkitektur, og med Bytoget får du oppleve byen på ein behageleg måte. Turen startar ved cruiseterminalen og tek deg forbi sjarmerande gater, fargerike murhus og det livlege Brosundet. Undervegs kan du lytte til audioguiden som deler små historier og store hendingar frå Ålesund si dramatiske historie, inkludert den store bybrannen i 1904 som forma byen slik vi kjenner den i dag. Du får høyre om bylivet før og no – og oppdage detaljar du elles lett går forbi.
Aksla – den beste utsikta i ÅlesundHøgdepunktet på turen er utkikkspunktet på Aksla, byfjellet som ruvar over jugendbyen. Her ventar panoramautsikt over Ålesund sentrum, holmane rundt og Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Eit perfekt fotostopp og minne for livet – Bytoget køyrer deg trygt både opp og ned, slik at du enkelt kan nyte utsikta.
Praktisk informasjonBytoget i Ålesund er eit populært val for barnefamiliar, cruisegjestar og alle som vil sjå jugendbyen utan stress. Toget har faste avgangar i turistsesongen, og på dagar med cruiseanløp også utanom sommaren. Turen varer om lag 70 minutt, og gir deg både lokale historier og storslått utsyn – alt på éin og same tur. Du kan forhåndsbooke billett på deira heimesider, så er alt klart til avgang!
- Vår
- Sommer
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Bytoget Ålesund Sightseeing