Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Dagstur med båt til Reksta og Kinn

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

(NB - NB - NB: dette er ei rute som gjelder sommarsesongen. Om du utanfor sesongen ynskjer eit liknande forslag kan du kontakte oss på Visit Fjordkysten)

 

Dagstur båt/vandring Florø – Reksta på langs – Kinn – Florø

 

Avgang frå Florø kai kl. 12.00 (mandag, tirsdag, torsdag, fredag)

 Ankomst Selvågen, aust på Reksta kl. 12.17.

Den merka turen går fra Selvågen i aust til Rognaldsvåg i vest. Turen vekslar mellom godt opptrakka og merka sti og asfaltert bygdeveg. Ein går langs sjøen på sørsida av øya gjennom grendene indre og ytre Reksta. Denne turen er ein del av Sunnivaleia som er ei pilegrimsvandring på sjø og land, frå Florø til Selja.

På turen kan ein oppleve eit rikt fugleliv og sjansen for å møte på sauer undervegs er svært stor. Forholdsvis flatt terreng med lyng og gras. Litt steinete i starten.

Turen tek to timar i normal gange og er ca 7 km lang. Vi anbefalar at du tek lunsjpausa når du kjem fram til Rognaldsvågen slik at du kan berekne kor lang tid du har til båten kjem.

I Rognaldsvågen finn du butikken der dei alltid har kaffien klar.

Kl. 15.10 Båt til Kinn

Turen til kyrkja går på ein kilometer lang grusvei. Mellom 19.juni og 31.august er det vertskap i kyrkja slik at du kan komme inn der om du er interessert. Kyrkja er renovert og er no open igjen etter å ha vore stengt i to år. Området rundt kyrkja er spesielt der du har den kjende Kinnaklova i bakgrunnen. Vertskapet sel kaffi og vaflar, husk kontantar!

No har du to valg. Ynskjer du å dra heim igjen etter å ha sett kyrkja kan du gå tilbake til kaia og reise med båten som går kl. 16.35.

Om veret er fint og du ynskjer å sjå meir av Kinn kan du bruke meir tid i kyrkja for så å gå rundt øya etterpå. Du kan og rekke å gå opp i sjølve klova eller opp på Søre Stauren.  Det er og mogleg å gå opp på Kinnafjellet, det er ein flott tur og du får ei fantastisk utsikt langt vest i havet.

Du må då vere tilbake på kaia kl. 20.30. 

Husk at båtrutene frå Kinn og Reksta er ringeruter. Det vil sei at du må ringe båten før den går frå byen for at den skal hente deg.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages