Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Korssund

Dagsturhytta i Fjaler - Vidsyn

Dagsturhytta Vidsyn i Fjaler ligg på Bygdeheia og har nydeleg utsikt i alle retningar. Ein tur som passar heile familien

Dagsturhytta i Fjaler er plassert på Bygdeheia i Ytre Fjaler, og har fått namnet Vidsyn. Bygdeheia har god utsikt i alle retningar og utover havet mot Alden.

Korleis komme seg til dagsturhytta Vidsyn?

Starten for turen ligg om lag 40 minutts køyretur frå
kommunesenteret Dale. Frå Flekke følger ein fv. 607 mot Fure og parkerer ved Furset (ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule) eller på Skor ved Folkestad. Det er å anbefale å køyre til Furset der du tek av frå hovudvegen og køyre 750 meter langs grusveg til parkeringsplassen. 

Sesong for turen til Bygdeheia

Dagsturhytta er ope heile året, og det er difor mogleg å gå heile året. Når det er snø og is må ein vere oppmerksam og forsiktig.

Turbeskriving frå Furset opp til dagsturhytta

Det er to alternative ruter opp til dagsturhytta; frå Furset eller frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida og vi vel difor å gje turbeskriving frå denne sida.

Stien startar på skogsveg, før den går brått til høgre. Derifrå går du slakt oppover, før du går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus er at du etter få høgdemeter får fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

Hytta ligg på om lag 280 meter. Det er om lag 2 km sti frå begge sider, og du går opp på mellom 30–60 minutt avhengig av tempo.

Fasilitetar i hytta

Hytta er utstyrt med straum, men har ikkje vedomn eller toalett. Den er heller ikkje tilgjengeleg med barnevogn eller rullestol.

Det er ikkje lov til å overnatte i hytta

 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Dagsturhytta i Fjaler - Vidsyn

Sider du nylig har besøkt