Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Deknepollen

Dagsturhytta i Måløy - Kletten

Dagsturhytta i Måløy ligg på Kletten, 138 moh. Dette er eit lågterskeltilbod som passar for alle som ynskjer ein lett fjelltur.

Frå dagsturhytta på Kletten har du ei vakker utsikt over fjorden, fjella og havet. Hytta ligg vendt mot sentrum av byen Måløy og frå vindauget har du oversikt over ei av dei mest trafikkerte sjøstrekningane sør for Stad.

Kvar ligg dagsturhytta Kletten?

Dagsturhytta i Måløy ligg på fjellet Kletten i Deknepollen.

Korleis komme seg til dagsturhytta Kletten?

Frå Kulen

Den raskaste ruta til dagsturhytta startar på Kulen i Deknepollen.

Frå Måløy tek du rv. 15 over Måløybrua til fastlandet. Ta første avkøyring til venstre etter brua, inn på vegen Ytre Kulen. Etter omlag 100 meter; parker på grusplassen ved ASVO. Gå 100 meter vidare vestover på vegen Ytre Kulen, og ta deretter av på blindvegen under Måløybrua. Etter nokre meter vil du sjå ein gangveg til venstre som fører opp mot brua. Følg denne opp til rv. 15, kryss hovudvegen, og gå austover langs fortauet på motsatt side.

Sesong for turen til Kletten


Dagsturhytta er ope heile året. I periodar med mykje regn vert stien glatt og gjørmete. Om vinteren når stien er snø og isbelagt må du sjølv vurdere om du er eigna til å gå turen.

Turbeskriving til dagsturhytta Kletten

Turen frå Kulen er kort, men bratt. Starten på stien ligg ved hovudvegen på austenden av Måløybrua og er merka med skilt. Stien går bratt oppover gjennom granskogen før den blir meir småkuppert fram mot hytta. Turen oppover tek i underkant av 30 minutter.

Det er tilkomst til utedo ved hytta.

Det er ikkje lov til å overnatte i hytta.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Dagsturhytta i Måløy - Kletten

Sider du nylig har besøkt