Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Olden

Ei natt på museet

Staden for deg som ønskjer ei overnatting litt utanom det vanlege. På Singerheimen i Olden får du den unike sjansen til å overnatte i den autentiske sommarboligen til den amerikanske kunstnaren og mangemilliardæren; W.H Singer Jr. Lev som herskapet sjølv gjorde for 100 år sidan, oppe på bakketoppen i Olden. I finstova kan du synke ned i sofaen som kongar og dronningar har gjort før deg, bestille ein drink frå baren, drøyme deg bort i all kunsten, eller spele på det originale flygelet til Anna Singer. Vakn opp til dufta av ferskt brød, og nyt ein smakfull frukost på glasverandaen. Vertane er kunnskapsrike og gir deg gjerne ei omvisning av heile huset. Her kan ein forsvinne inn i den fengslande historia til Singerheimen; ei forteljing om kjærleik, enorm rikdom, filantropi, krig og tragedie.

Singerheimen blei bygt i 1921, av det amerikanske paret; William H. Singer Jr. og Anna Brugh Singer. Dei var kunstneriske sjeler som ønska seg ein fredeleg stad omgitt av vakker natur, og i 1913 fann dei drøymestaden; Olden. William var landskapsmålar, og lidenskapeleg oppteken av jakt og fiske. Fjella, fjorden og elvane i Olden var akkurat det Singer hadde leita etter. Singerheimen blei sommarboligen til William, Anna og deira nære ven Martin Borgord, samt ein tjenerstab på tretti personar. Heile eigendomen består av 9 bygg, blant anna eit studio, fjøs, tjenerbolig, gjestehus og eit mausoleum. Kjellaren i hovudhuset blei brukt av tenestefolket, den er utstyrt med kjøken, spisskammers, vaskeri, verkstad og eit meieri. I første etasje finn ein ei utsmykka finstove, glasveranda, spisestove og soveromma til Anna, William og Martin (seinare flytta Jaap Dooijeward inn her). I 2. etasje hadde Kong Haakon av Norge, og Dronning Wilhelmina av Nederland kvart sitt rom. I seinare tid blei det også laga fire soverom til sjukepleiarane ved Nordfjordeid sjukehus i same etasje. I alle soveromma er det no mulig for gjester å overnatte. Omvisning av eigedommen er også gratis for alle overnattingsgjester, og er ei reise 100 år tilbake i tid. Singerheimen er ein unik stad, som har blitt tatt godt i vare av eldsjeler gjennom fleire tiår. Det er gjort svært få endringar, noko som gir gjestene ei original og autentisk oppleving. Dette fører også til at ein må gje avkall på einskilde moderne goder som eige bad på rommet, og store dobbeltsengar. Alle rom har delte bad, og dei fleste romma har enkeltsenger. Singerheimen er ikkje eit hotell, men ein stad for deg som ønskjer ei ny og unik oppleving.Sjølv om eigedomen ligg rett utanfor sentrum i Olden, eit lite steinkast frå cruisekaia og ein kort køyretur frå den verdskjende Briksdalsbreen og Loen Skylift, er Singerheimen si eiga vesle boble med si eiga unike historie. For eigendomen til William og Anna oppe på bakketoppen i Olden, oppfyller fortsatt si opprinnelege oppgåve; å gje eit avbrekk frå den elles pulserande omverda. Eit opphald i fred og ro, med vakre omgjevnader og nybaka brød. Singerheimen er ei skjult perle som bør opplevast. Vertskapet anbefaler å ta seg tid til meir enn éi natt på dette unike gjestehuset. Velkomen!

Last updated: 01/09/2024

Source: Nordfjord

Ei natt på museet

Sider du nylig har besøkt