Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Fjørtoft

Fjørtoftneset

Ein tur med flotte natur- og kulturminneopplevingar, eit rikt dyreliv og vakker kystnatur.

Størsteparten av området er verna naturreservat, og ein finn fleire gravrøyser i området. Villsauer beiter her for å halde vegetasjonen nede. Turen går til fyrlykta ytst på Fjørtoftneset og er ein fin tur for heile familien.

Ruteskildring

Du startar ved ein gamal sommarfjøs som ligg ved starten av grusvegen. Derifrå følgjer du traktorvegen eit stykke, før den går over i ein tydeleg sti. Det er mogleg å sykle/køyre langs traktorvegen fram til den går over til sti. Du kan parkere fleire stader langs vegen.

Når du kjem til steingarden som markerer starten på stien, går du også inn i det som er naturreservatet. Heile vegen er relativt flatt, og stien går stort sett over lyng og gras. Du møter også litt berg og stein, som er å forvente for ein sti langs fjøra. Det er lett å kome fram til turmålet for dei fleste.

Tilkomst og parkering

Fram til opning av Nordøyvegen 27. august 2022, må ein ta hurtigbåt eller ferje til Fjørtoft. Det er lurt å planlegge turen etter rutetidene. Når du kjem frå kaia tek du av til høgre i krysset, det er kortast. Følg vegen i ca 4 km. Men, du kjem fram til startstaden for turen uansett kva retning du vel. Turen startar ved ein traktorsti, og her finn du eit skur med skilta «Saloon» på. Følg vegen herifrå. 27. august opnar heile Nordøyvegsambandet, og då må ein køyre bruer og undersjøiske tunneler (bompengar) til Fjørtoft.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Fjørtoftneset

Sider du nylig har besøkt