Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Fjellkveld i Løa på Jølstraholmen

  • Jølstravegen 722, Vassenden i Jølster
  • null
  •  /  km From You
Overview

Velkommen til fjellkveld med pub og prat - og snart er det påske! Foto frå turar i Sunnfjord-fjella og signering av sjølvbiografien «Fjellene har meg nå» etter

-Mitt mantra har vore at draumane er motoren i livet, og kanskje er det viktigare enn nokon gong å vere bevisst på det. Det er når draumane ikkje kjem av seg sjølv at det er viktig at du lager dei.

Ein gong drøymde Stein P. Aasheim om å reise med den første norske ekspedisjonen til verdas høgaste fjell. No drøymer han om å gå på tur med barnebarnet. Ei veke i norske fjell med telt, fiskestong og blomsterbok, er draumen den allsidige eventyraren ber på, no.

Etter å ha utfordra naturkrefter i alle verdsdelar, har han slått seg ned saman med hundane sine i ei enkel, maskinlafta hytte i Romsdals-fjella utan straum og vatn i det han kallar eit samliv med fjella, tettare på naturen enn nokon gong.

Ei av dei som har besøkt han der, er journalist i Fjell og Vidde, Line Hårklau. Ho møtte ein eventyrar som var lei av å snakke om bragder og prestasjoner:
-Eg vil heller snakke om det livet har lært meg, i staden for kor sliten eg var på Everest, sa han.

Men verdien av å drøyme snakkar han gjerne om, og om respekten for naturen, dragninga mot fjella og gleda han finn i dette enkle samlivet. Rundt slike refleksjonar går praten når Line Hårklau samtalar med Stein P. Aasheim i løa på Jølstraholmen denne laurdagskvelden.

Velkommen til fjellkveld med pub og prat - og snart er det påske! Foto frå turar i Sunnfjord-fjella og signering av sjølvbiografien «Fjellene har meg nå» etter samtalen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages