Fyresdal
Folkestadbyen
Sentrum, Fyresdal, Fyresdal
Arts and crafts
Clothes shop
Grocery store
Hairdresser
Souveniers shops
Sports shop
Toys
I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal. Tettstaden fekk namnet Folkestadbyen.
Folkestadbyen
Gamle hus vart flutt frå andre stader i bygda til Folkestadbyen og modernisera utifrå Sveitserstilen. Byen voks raskt fram til å bli eit sentrum i Fyresdal med forretningar, bank og bedehus.
Heile denne utviklinga skapte grobotn for ein busetnad som ikkje var bygd opp kring jorddyrking. I "byen" levde ein av å produsere tenester for andre. I dag står Folkestadbyen fram som ein moderne liten "Landsby" og som i gamle dagar lever dei fleste av å produsere tenester for andre med små butikkar og kafè.
Det blir arrangert fleire arrangement i Folkestadbyen slik som jolegateopning, olsok m/ gatefrukost og aktivitetar, langope i forretningane m.m.
Tak ei vandring i Folkestadbyen, blant gamle idylliske hus med mange fine små hagar og tun, finn noko spennande i ein av dei små butikkane, eller slapp av med ein kaffi på Meieriet.
Last updated: 03/06/2023
Source: Vest Telemark
Folkestadbyen