Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lærdal

Fredag & Fretland Bakeri

Fredag & Fretland
Fredag & Fretland

Fredag & Fretland er ei familiedriven bedrift med lidenskap til bakst. Eit heilt nytt bakeri opna mars 2022 og lagar dei herligaste smakane til deg. 

Her kan du velje mellom ulike typar brød som Landbrød, jordeplebrød, frøbrød, ciabatta og rundstykker. Tenkjer du heller på noko meir søtt så er det eit rikt utval i bakst som kanleboller, skulebolle, mandelcroissant, wienerbrdø, chocolate chip coookie, gulrotkake med meir. 

På Fredag & Fretland kan du også bestille deg lunsj der du kan velje mellom ulike typar Sandwich med omelett, med ost og spekeskinke, BLT, karrikylling eller den glutenfrie varianten Chia bowl. 

På drikkefronten må du prøve Eplejuice frå Lærdal som er meget god eller andre typar mineralvatn. 

Utkøyring

Fredag & Fretland har også utkøyring av varer der du inne på web sida kan bestille det du ynskjer og Fredag & Fretland kjem rundt i Sognefjorden og levera det du har bestilt. Føl med på Sosiale Media eller web sida når neste levering er. 

Ope onsdag - søndag frå 10:00 - 16:00

Kilde: Visit Sognefjord AS

Fredag & Fretland Bakeri

Sider du nylig har besøkt