Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Solund

Fyrsafari til Utvær

  • +47 97037240
  •  /  km From You
Overview

Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. På førespurnad kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær.

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. På førespurnad kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær. Her blir det guida omvising og høve til å gå opp i det flotte fyret. 


Dette kan du oppleve på fyrsafari

Turen startar med avgang frå Hardbakke i Solund. Avhengig av vêret vil turen gå nord eller sør for Ytre Sula og gjennom øyriket i Solund. Det vert ikkje lagt opp til stopp på turen til Utvær. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det vert høve til å gå ein tur opp i fyret for dei som ønskjer det.
 

Turen kan bli tilpassa etter dine ønskjer. Ta kontakt på post@utver.no eller ring +47 970 37 240 for meir informasjon. 

 

Om Utvær
Utvær er eit gamalt fiskevær. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Bli med på ei vandring på øya der du besøker Edens Hage, tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge.

Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd.I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbaserte fiskeri. Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30.sekund når 35 km ut i Nordsjøen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad