Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Gardsbesøk Henjatunet, Leikanger

Velkommen til Henjatunet - eit av få klyngjetun som framleis er i drift på Vestlandet. Eggjagarden er ein av dei seks gardane i klyngjetunet.

Inga og Marit ynskjer velkomen til Henjatunet.

I tillegg til å ta i mot turistgrupper driv familien på garden med sau og frukt. Her tilbyr vi omvising med fokus på korleis tunet vart driven i tidlegare tider og korleis garden vert driven i dag. Vi tek gruppene anten med over historiske gravhaugar eller vandringar i frukthagen med flott utsyn av den majestetiske Sognefjorden. Her formidlar vi spennande historier frå fortid og notid. Ein smak av lokal cider eller fruktjuice produsert på garden inngår i omvisinga, saman med den klassiske, lokalproduserte vestlandslefsa.

I Eggjastova som er frå 1765, serverer vi alle typar måltid til lukka lag. Vi baserer oss på lokale - og i størst mogeleg grad økologiske - råvarer og tradisjonell bruk av desse i kombinasjon med moderne matkunst. Vi har alle skjenkerettar. Dersom ynskjeleg kan vi skreddarsy arrangement med ulike aktivitetar etter gjestene sine behov.

I fruktsesongen er det mogeleg å kjøpe eple, pærer og plommer i kasser eller i lausvekt. Kom innom for å smake! Vi sel også fruktsaft - enten ferdig pressa eller du kan presse safta sjølv!

Hjarteleg velkomen til Henjatunet som har tatt imot gjester til uforgløymlege opplevingar sidan 1990.

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Gardsbesøk Henjatunet, Leikanger

Sider du nylig har besøkt