Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

SANDANE

Gardsbrenneriet

Gardsbrenneriet er handverksdestilleriet i Nordfjord og ligg idyllisk til på Jørnbruket på lune og solfylte Hauge. Heile prosessen frå dyrking av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden.

Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Staden har til og med sin eigen historiske eplesort. Haugeeple er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke eplesorten til bruk i drikkevarer.

Sivilingeniørane Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 for å satse på produksjon av drikkevarer basert på råvarer frå landbruket. Det var naturleg å lansere brennevin og likørar basert på frukt og bær som ei første satsing. I åra etter er produktporteføljen stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene står i fokus. Dei brukar norske råvarer som eple, plommer, bringebær, rabarbra, solbær, rips, jordbær og morellar. Noko av råvarene dyrkar dei sjølv. Garden har også lange tradisjonar for grønsaksdyrking og dyrkar enkelte av urtene som inngår i gin- og akevittprodukta sjølv. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta i produkta blir også levert frå lokale produsentar i regionen eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen.

Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden. Gardsbrenneriet har utvikla eigne metodar, prosessar og smakar. Dei har mellom anna utvikla sin eigen prosess for småskala omdanning av myse til brennevin. I 2019 lanserte dei Norges første gin basert på mysebrennevin som ein hyllest til Dagros og norsk landbruk. I det ferskaste og så langt villaste prosjektet til Gardsbrenneriet blir det no dyrka sukkerbetar på garden som skal vidareforedlast til velsmakande alkoholhaldig drikke i løpet av året. Fellesnemnaren for alle produkta til Gardsbrenneriet er fokuset på vidareforedling av norske landbruksprodukt av høg kvalitet til nydeleg drikke.

Last updated: 04/23/2024

Source: Nordfjord

Gardsbrenneriet

Sider du nylig har besøkt