Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Stord

Gruvemuseet Litlabø

Bestill
Espen Brask Nordfonn
Espen Brask Nordfonn
Espen Brask Nordfonn
Espen Brask Nordfonn

Gruveeventyretpå Litlabø starta i 1865 og vart avslutta i 1968. Gruvemuseet på Litlabø er etablert til minne om samfunnet som eksisterte under A/S Stordø Kisgruber.

Litlabø, eller Gruo som dei seier lokalt, har svært mykje historie å by på. Både geologisk, teknisk, sosialhistorisk, - og ikkje minst med godt bevarte bygningar og gruvegongar.

Her er kan du sjå det karakteristiske sjakttårnet og heishuset som vart bomba i eit sabotasjeoppdrag under 2. verdskrig.

På Litlabø finn du og flotte grøntareal og ein arbeidarbustad med autentiske møblar som viser korleis folk budde under gruvetida.

Gruo er med andre ord ein svært spennande stad å besøke for store og små!

Det blir omvisningar sommaren 2024 i perioden 3. juli - 11. august (ope onsdag - søndag mellom kl 1030 og 1630)!

Følg med på nettsida til gruvemuseet!


Velkommen skal du vera!


Utanfor sommarsesong:

Venelaget for Gruo har gjort ein enorm dugnadsinnsats i gruveområdet gjennom mange år. Venelaget gjennomfører guiding for skuleklassar, barnehagar og private grupper i perioden medio august til medio juni.

For omvisingar utanfor sesong, ta kontakt via telefon eller e-post.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Gruvemuseet Litlabø

Bestill

Sider du nylig har besøkt