Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lepsøy

Hellevik Fyr

Hellevik Fyr

Hellevik Fyr er ein nedlagt fyrstasjon på øya Lepsøy i Haramsfjorden.

Fyret blei oppretta som privat fyr i 1880. Det blei då satt opp ei lita vaktbu med eit raudt lyst på veggen. I 1882 blei fyret overtatt av staten, som ansatte ein tilsynsmann som passa på fyrlyset tre månadar kvar vinter. Eit par år seinere blei vaktbua heva for å få høgare lys, men fiskarar og andre sjøfararar var ikkje nøgd med lyset. Det blei dermed bevilga frå Stortinget til eit bedre fyr som kunne brenne mesteparten av året.

Det nye fyret stod ferdig i 1918 med ei 2. ordens fyrlykt på veggen og ein ny fyrvoktarbolig. Der var også uthus og naust for at fyrvoktaren skulle kunne bu der med familien sin og betjene det.

I 1958 fekk fyret straum fra det lokale nettet, før det i 1973 blei automatisert og avbemanna. Det blei lagt ned og erstatta av ei fyrlampe i 1988, før det blei solgt til ein privatperson i 1989. Vær obs på at dette er ein privat eigedom når du går tur her.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Hellevik Fyr

Sider du nylig har besøkt