Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland HYLLESTAD

Hjertebladhagen

  • Åfjordvegen 703, Sørbøvåg
  • +47 93448983
  •  /  km From You
Overview

Hjertebladhagen er like mykje ei oppleving som ein butikk. Folk kjem langvegs frå for å oppleve Hjertebladhagen og få lærdom og inspirasjon av Merete sin kunnskap.

Hjertebladhagen er ei hage- og interiørbutikk utanom det vanlege, lokalisert i landlege omgjevnader i Skifjord i Hyllestad. Her kjem folk i alle aldre, hageinteresserte eller ei, då Hjertebladhagen er vel so mykje so ei oppleving som ein butikk.
I Hjertebladhagen kan du vandre rundt i hagen og oppleve salsvare i eit naturleg og frodig hagemiljø. Sette du deg ned på ein av dei mange sitteplassane i hagen kan du nyte den vakre utsikta over fjorden, og den herlege duften og synet av blomar, urte og grønsaksvekstar.
Her er stilt og fredeleg, som oftast høyres kun lyden frå det rike fugle- og insektslivet, kanskje akkompagnert av lyden frå ein båt på veg ut i havet. Dei to folkekjære hundane og kattane er også eit populært innslag i hagemiljøet. I Hjertebladhagen er det godt "å berre vere"
I dei ulike hageromma og hagebyggene finn du eit bredt sortiment av salsvarer som blomar, stauder, prydvekster, bærbusk, frukttre, krukkar, hagetilbehøyr og hagedekor. Og i den sjarmerande butikken i kjellaren finn du eit stort utval av interiørfreistingar for hus og hage.
Utandørs hagekafé
Når veiret tillet det er det utandørs hagekafé i sommarsesongen. Gjennom året vert det heldt ulike kurs innan hagestell, økologisk dyrkning og helse/velvere. Besøk utanom opningstid for enkeltpersonar og gruppe etter avtale.
Hjertebladhagen byr gjestane på hageinspirasjon, gode råd om plantar og økologisk hagebruk samt ein herleg fristund frå kvardagen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages