Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stord

Hystadmarkjo

  • +47 53496950
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad: Stord


Turkart: Stord – Fitjar  (1 : 50.000)


Start og sluttpunkt: Båthamna i Sævarhagen eller ved Apply (Leirvik Sveis) på Storhaug.


Parkering: Gode parkeringsmogleikar ved båe endane av turløypa.


Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Leirvik til Rommetveit eller til Øklandslio passerer etter tre kilometer skilting til Tyneset der ein stig av bussen og går siste stykket ned mot båthamna. Turstien ligg i gangavstand frå regionsenteret Leirvik. Ein går då nordover forbi Leirvik kyrkje og tek til høgre på skilta veg mot Aslaksvikjo. Ein passerer Apply ,tidlegare Leirvik Sveis, og kjem til søndre innfallsport til Hystadmarkjo.


Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard.               


Gradering: Grøn. Lett fottur.


Høgdeskilnad: 15 -  47 moh


Tidsbruk: Omlag 1 time


Gode råd: Ta deg god tid når du besøker Hystadmarkjo. Her kan ein bada på ei av dei fine strendene, vitja gravrøyser frå vikingtida eller berre nyta velværet av å vandra i skogen og ved sjøen på same tid.                                                                                                                                                             


Turomtale: Dette er ein godt tilrettelagt og grusa tursti som eignar seg for alle. Løypa er om lag to kilometer kvar veg. Langs heile løypa er det sett opp informasjonstavler fortel om natur, kultur, miljø og friluftskvalitetane i området. Stien passerar like etter startpunktet i båthamna langs steingarden til kolerakyrkjegarden. Denne vart bygd etter koleraepidemien i 1849. Sjukdomen var svært smittsam og ein kjende på 1850 talet ikkje smittekjelda. Ein var redd for at jordsmonnet over gravene
kunne smitta. Difor ville ein ikkje gravleggja koleradøde på den vanlege kyrkjegarden i bygda. Kolerakyrkjegarden vart lagt avsides i utmarka på Tyneset. Nærleiken til stranda kjem av at sjøen var transportåra. Landevegane i distriktet kom seinare på 1800-talet. Frå grusvegen snirklar det seg utallige stikkvegar ned til sjøen eller inn i skogen. Små sandstrender ligg mellom bergknausar og tett, velduftande skog. Her kjenner ein sjølufta og eimen frå fureskogen i same andedrag.


Den fyrste stranda ein går forbi er Mjelkevikjo, ei brei og lun vik som ligg heilt urørt langs Langenuen. Ytst på Tyneset, på svaberga er bademogleikane særskilt gode. Vidare fortsett ein langs grusvegen over Russaklubben der det ligg det fleire gravrøyser oppe på høgaste kollen. Desse er frå bronsealderen, 3.500 år gamle. Røysene er freda som fornminne og skal liggja som urørte dokument for framtida. Like etter kjem ein til Apalvikjo, ei langgrunn sandstrand der ein kan vassa ut til Tyttebærholmen ved fjæra sjø. Ved stranda  er det sett opp benkjer, bygd toalett og tilrettelagt for grilling. Her ser ein over Langenuen til Kvinnheradsfjella med den mektige Folgefonna roleg kvilande bakom alle fjelltoppane i horisonten.


På vegen vidare er ein inne i Naturreservatet i Hystadmarkjo. Ein vert ein ført inn ein grøn oase som er den største svartorskogen i Nord-Europa, eit område på over 200 dekar med internasjonal verneverdi. Her inne kryssar ein trebrua ved Straumen, som er ein brakkvasspoll. Her finn ein den største førekomsten av havsivaks i Hordaland. Like etter brua ser ein over til ”Sveisen”, der store bustadmodular til oljeplattformene i Nordsjøen vert produsert. Kontrastane er store til tungindustri når ein kjem gåande ut frå eit naturreservat. No er det berre ein bratt bakke att før ein er ved den andre innfallsporten til Hystadmarkjo.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Easy
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Fjord area
Click to activate
Stord, Norway
The latitude and longitude
59° 47' 58" N / 5° 32' 2" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad