Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Årdal

Indre Offerdal Bed & Breakfast

Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrig var det vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad grunnlagt på vatn som drivkraft til mølle og sagbruk

I Ofredalen kan du leiga både sjøbu og våningshus. Enten du vil overnatta eller ha eit festleg lag. Våningshuset inneheld fire rom med to senger på kvart rom.

Sjøbua har tre rom som vart pussa opp i 2016, det eine romme har dobbelseng, eit rom er familierom med dobbelseng med køye over og ei ekstra køyseng og rom nummer tre har 2 senger.

Ring +47 944 64 044 eller send epost til indreofredal@gmail.com

To av romma har utsikt utover fjorden. Du må dela dusj og toalett med dei andre gjestene.

Indre Offerdal har 7 rom/ 15 senger. Anlegget ligg ved sjøen, og er eit sjeldan kulturminne frå overgangstida mellom bondesamfunn og industrisamfunn. Indre Offerdal har mellom anna mølle og sagbruk med oppgangssag som var i drift til inn på 1900-talet.

Plassen er eit gammalt industri område der det var saga som var hovedbruken, plank som vart saga leverte dei det meste til Bergen.
Det vart og dyrka frukt som også vart levert til Bergen og andre kundar i Sogn. Det var postkontor og telegraf her, posten vart stengd i 1987.
Endre Offerdal var ordførar i Årdal frå 1860 og fram til 1895 med noken små
avbrot. Ordføraren var busett her ute til sonen Ivar tok over i 1890, Ivar var og ordførar i fleire år.

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Indre Offerdal Bed & Breakfast

Sider du nylig har besøkt