Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
BRANDAL

Ishavsmuseet Aarvak

Bestill

I Ishavsmuseet på Brandal finn du vår lokale og nasjonale fangst- og ishavshistorie over 100 år.

Ishavsmuseet Aarvak er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på Norsk sel- og overvintringsfangst. Ishavet, mannsmot, forlis og iblant store lutar til mannskapet.

Selfangst og overvintringsfangst

Mennene som fekk utkoma frå arbeide i snø og kulde, med sel og isbjørn, mot nådelause naturkrefter. Her på Ishavsmuseet vert historia fortalt, og du kan sjå og lese om eit av våre farlegaste yrke, som stundom kasta eventyrleg av seg.

Bli med på ei reise i tid gjennom utstillingane i tre etasjar og i det flotte vernehuset over Aarvak. Gå om bord i ishavsskuta av tre frå 1912, i dag den eldste bevarte treskute som var spesialbygd for selfangst. Ishavsmuseet tek vare på dei rike tradisjonane som var viktige for folket, kysten og landet.

Polarstar

Opplev den autentiske veteranbåten, ishavsskuta «Polarstar», Ishavets Grand Old Lady, Noregs første selfangstskute bygd i stål i 1948. I meir enn 50 år kjempa den mot brottsjø og skruis der vêrgudane kunne vere nådelause. Polarstar er eit seglande minnesmerke over ei dramatisk næring som i dag er borte:

Selfangst

Pionerbåt i oljeleitinga på 1960-talet

Sysselmannsskute på Svalbard i nær 10 år

Tidleg ute i den nye turistsatsinga på Svalbard frå 1990

Ekspedisjonsfart og passasjerbåt på Grønland

Ulike oppdrag på Svalbard

Faste oppdrag for Norsk Polarinstitutt

Fotografering av undervasskablar og ulike fraktoppdrag

Kondemnert og redda frå opphogging to (!) gongar

Ferdig restaurert og verna i 2017.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Ishavsmuseet Aarvak

Bestill

Sider du nylig har besøkt