Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

FINNÅS

Kulleseidkanalen gjestehamn

Vakn opp i ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet. Sett kursen mot 59°44'32.1″N og 5°14'06.9″E og du kan legga til kai på ein av dei 40 båtplassane.

Velkommen til Kulleseidkanalen Gjestehamn!

Legg til med båt eller kom med bubil og kopla deg til, kopla av og nyt dagen. Vertskapet er her for deg og dine, slapp av og fyll på med gode opplevingar.

I restauranten får du servert god tradisjonsmat og lette måltid. Maten kan du nyte anten på kaien og eller i det nyrenoverte grindabygget.

I sommarsesongen er det levande musikk frå scenen kvar fredag og laurdag kveld, samt søndagsbuffet kvar søndag fram til kl. 18.00.

Frå januar til april er det også søndagsbuffet kvar søndag mellom kl 13 - 18.


Skal du arrangere selskap eller gifta deg? Kulleseidkanalen gjestehamn tilbyr lokale med unik atmosfære. Det vert lagt til rette for store og små hendingar i den unike plasseringa her ved Kulleseidkanalen. Ta kontakt, så får du skreddarsydd opplegget rundt di hending.

650 meter til bunkring ved Finnås Marina, der du kan fylla diesel eller bensin, handla båt- og fiskeutstyr, få båtservice m.m.

300 meter til butikk med apotekutsal og bensinstasjon/bilverkstad.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Kulleseidkanalen gjestehamn

Sider du nylig har besøkt