Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Florø

Kulturvandring i Florø

Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø
Kulturvandring i Florø

Informasjon: Ta turen innom turistinformasjonen i Strandgata 30. Der vil du få utdelt kart som viser vegen du skal gå. Alle stoppa er merka med eit nummer.  Der det står berre gateadresse/namn på huset heng det ein plakat på huset med informasjon om huset. Det ligg bilder av dei ulike stoppa øvst på sida.

Florø er Norges vestlegaste by, og er administrasjonssenter i den nye kommunen Kinn. Florø vart grunnlagt i 1860, då særleg med bakgrunn i det rike sildefisket rundt 1860, vest for byen. Sildefisket i 1950-åra var og eit viktig grunnlag for næringsgrunnlaget og framveksten av ny industri i byen. På slutten av 1900-talet vart forsyningsbasen for oljeaktiviteten i Nordsjøen eit viktig grunnlag for vidare vekst. 

I 1860 var det berre to gardsbruk og nokre få hus, med om lag 75 menneske, på det området som vart til byen Florø. Byen har i dag rundt 9000 innbyggjarar.

1. Rådhuset

Vi startar turen frå turistinformasjonen som ligg i rådhuset til Kinn kommune. Rådhuset som er teikna av Andreas Hansen, vart bygd i 1903. Dette vart reist mellom anna på tomta til Sandahl-huset, der bystyret til då hadde hatt møta sine. Rådhuset husa tidlegare telegrafstasjonen der det i 1922 braut ut brann og berre yttermurane av rådhuset stod att. Huset vart gjenreist og litt utvida og tener framleis som rådhus for Kinn. Her skal det bli bygd nytt rådhus i nær framtid.

2. Kommunikasjon

På andre sida av gata for Rådhuset står skulpturen «Kommunikasjon» . Skulpturen viser to barn i samtale med kvarandre. Det er eit symbol på den kontakten utflyttarane framleis ynskjer å ha med byen. Det var utflyttarane som i sin kjærleik til byen gav denne spesielle skulpturen til Florø i samband med 125-årsjubileet. Den vart avduka i 1985 av initiativtakarane Vigdis Kittang Ramstad og Leiv Hovden.

3. Strandgata 25 - Øenbua

Gå austover i Markegata.

4. Strandgata 32

5. Strandgata 34

6. Strandgata 27 – Christensen-huset

7. Strandgata 29

8. Strandgata 31 - Solheimhuset

9. Atløy

Ved Bistro To Kokker går du ned på Kolkaia. Der ligg M/S Atløy om den ikkje er ute på tur. M/S Atløy vart bygd i 1931 og er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Gjennom to mannsaldrar  gjorde M/S Atløy teneste i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane.

I førstninga av 1980-åra gjekk eldsjeler saman og skipa eit andelslag som kjøpte M/S Atløy attende frå private eigarar for å restaurere båten. Om du ser nokon ombord er det berre å helse på dei og du vert gjerne invitert om bord. Sjå her for meir informasjon.

10. Loyal

Av og til vil du og sjå galeasen Loyal her om den ikkje er på tur eller ligg i heimebrygga bortanfor Amfi.  Loyal vart bygd som galeas i Rosendal i Hardanger i 1877 av Knut Johannessen Nes, eller «Gjøa-Knuten» som vart kalt på folkemunne. Dette er same mann som gjorde Hardangerjakten verdenskjent fordi han bygde GJØA som Roald Amundsen nytta gjennom nordvestpassasjen.

Loyal vart bygd for å frakte inntil 900 tønner med sild og var berekna å kunne segle på dei store hav.

No seiler Loyal mest langs Norskekysten og til Vesterled. Sjå www.loyal.no for meir informasjon.

11. Strandgata 33 – Sundalshuset

12. Strandgata 44 – Nordalshuset

13. Strandgata 46 – Wefring-huset

I krysset Torggata/Strandgata tek du på nytt til venstre og går ned på Haffenkaia. Dette var havneterminalen før i tida og her finn du Galeasen Svanhild.

14. Svanhild

Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt i Stangvik på Nordmøre i 1889. Skuta gjekk i fraktefart, hovedsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten. Som jakt hadde Svanhild ei mast og eit mannskap på 6 personar. Om lag ca 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, dvs den fekk to master. Då vart segla mindre og lettare å jobbe med og ein kunne no segle båten med fem personar.

Alle desse båtane kan du leige til eigen tur eller bli med på ein av dei organiserte turane som vert lagt opp.

15. Ankera frå IOHANN PREDTECH

Gå opp igjen i gata og du vil då stå i krysset Strandgata/Torggata. Til venstre i krysset vil du sjå to store anker. Ankera kjem frå den russiske skonnerten IOHANN PREDTECH som forliste 4.november 1886 søraust av Litle Batalden, vest av Florø. Sparebanken Flora Bremanger i samarbeid med Florø Dykkarklubb frann i 1985 2 stk stokkanker på forlisstaden. Ankera vart heva og satt opp i samband med opninga av nybygget til Sparebanken. Sparebanken er no flytta men ankera ligg der.

Skonnerten var på vei frå Hammerfest til St.Petersburg med fisk. Besetningen vart redda og kom inn til Florø.

16. Fiskarguten

Gå igjen over på andre sida av gata der du finn Fiskarguten . Skulpturen er modellert av kunstprofessor Ludvig Eikaas medan sjølve smijerns-arbeidet er utført av kunstsmed Inger Tragethon. Dei to i tillegg til kulturdirektør Lidvin Osland avduka skulpturen på det femte sildebordet i 1996. Ein fiskargut må seiast å vere eit naturleg motiv i fiskebyen.

17. Passasjer

Rett ved Fiskarguten sit passasjeren. Passasjeren er ein av dei mest populære skulpturane i landet. Den er laga av Solveyg Schafferer (f.1928).

Videre fortset du ned Strandgata austover. Du kjem til Flora Samfunnshus og Brannstasjonen på høgre hand og Amfi kjøpesenter på venstrehand

18. Husmannskona

På vestsida av samfunnshuset står Husmannskona.  

Husmannskona er innkjøpt av Flora kommune og er laga av Skule Waksvik (1927 – 2018). Han er mest kjent og elska for sine skulpturar av dyr og grupper av dyr. Han lagar også figurframstillingar, særleg med kvinner som tema. Waksvik er tilhenger av forenkla naturalisme der det ikkje er naudsynt å etterlikne naturen til punkt og prikke så lenge det fungerar som skulptur.

19. Global

Gå forbi brannstasjonen og til høgre. Der finn du skulpturen Global, laga av Geir S. Hjetland (f. 1955). Han arbeider med skulptur i ulike materialar og søkjer løysingar i grenselandet mellom det mekaniske og det organiske. Global er laga av gammalt hardangerbestikk og visualiserer begrepet global.

20. Fuglen, blomsten og båten.

Der står og skulpturen «Fuglen, blomsten og båten». Det er flukt over skulpturen som står plassert utanfor samfunnshuset.  Vengjene stekkjer seg mot himmelen og båtskroget gir inntrykk av fart. Når skulpturen i tillegg er retta austover, er det kanskje ikkje så rart at spøkefuglar i Florø har gitt den namnet «Flukta til Førde». Namnet hadde si årsak i den sterke rivaliseringa mellom Florø og Førde i 70- og 80-åra. Kunstverket var avduka i samband med åpninga av Flora Samfunnshus 20.januar 1979. Kunstnaren er bilethoggar Steinar Christensen frå Kristiansund og det er laga av stål.

I Flora Samfunnshus finn du kino, bibliotek og tenestetorget.

Kryss gata og gå opp til høgre gjennom parken. 

21. Kronhjort som brøler.

Ovanfor drosjesentralen ser du «Kronhjort som brøler» i bronse. Den er laga av Skule Waksvik og vart innkjøpt etter pengeinnsamlingsaksjon leia av Lilleba Nybø.

22. Florø Barneskole.

Gå opp i Hans Blom gate og ta til venstre mot barneskulen som er eit av monumentalbygga i Florø. Skulen vart bygd i dei vanskelege 1930-åra og kosta på den rundt ein halv million. Dette var eit stort løft for den fattigsle byen den gong.  No er det rundt 560 elevar på skulen som er ein av tre barneskular i byen. Denne gata heitte Skulegata tidligare då det var fleire skular her. Det var opprinnelig skule der sjukehuset vart bygd, men då det brann vart den nye skulen bygd der den står i dag. Det kvite huset som står imellom skulen og sjukehuset blir kalla Malkeneshuset og var og i si tid skule.

På hjørnet på skulen heng ein plakat med informasjon frå krigens dagar.

23. Klatreparken.

Nord for skulen ligg klatreparken som vart opna i 2016. Bakgrunnen for oppføringa av klatreparken kjem frå prosjektet «folk i sentrum» der det vart bestemt at det skulle etablerast ein klatrepark i byparken. Klatreparken er open for alle og er eit gratistilbod.

Gå deretter inn i Claus Findegate mellom skulen og sykkelparkeringa

24. Kinn Prestebustad.

Der får du prestegarden på venstrehanda. Denne garden vart frå 1755 offisiell prestegard i Kinn prestegjeld. I 1860, då Florø vart etablert som by, var det berre to gardar i Florø. Prestegarden var den eine. Huset frå den tida vart rive i 1899 og erstatta av prestebustaden som no står der i sveitserstil. Prestebustaden ligg sentralt i bybildet like ved Storevatnet og prestegardshagen strekkjer seg ned dit. Prestebustaden er no solgt til privatmarknaden.

25. Troll – vil du sove i armane våre.

No går du inn på gangveien og om litt kjem du til skulpturen «Troll – vil du sove i armane våre» . Skulpturen vart gitt til sjukehuset i høve påbygginga i 1982. Det er kunstnaren Elisabeth Steen som har laga skulpturen og den vart avduka av oversjukepleiar Helge Kristiansen.

Sjukehuset er no nedlagt.

26. Storevatnet

Gå inn på Kinnvegen og ta til venstre, gå ned til Storevatnet. Her er det fin sti langs vatnet og om du ynskjer ein litt lenger tur kan du fortsette på sørsida av vatnet. Det er ikkje sti på nordsida av vatnet.

Når du kjem bort på sørsida av vatnet går du opp igjen på Kinnvegen og kryssar den. Her ligg omsorgssenteret og kulturskulen fint til mellom Storevatnet og Litlevatnet.

27. Det gamle kommunehuset .

Rett til venstre ligg det gamle kommunehuset som var i den gong Kinn kommune.  Huset er bygd i 1897 og husa i tillegg Kinn Sparebank.

28. Den gamle bygrensa .

I 1860 var det ei heilt anna bygrense enn det som er i dag. Det er no sett opp plansjar på fleire stadar langs den gamle grensa. Her i krysset står eit av skilta.

29. Litlevatnet.

Her er det grussti på nordsida av vatnet, men det er og fint å gå langs sørsida av vatnet. Det kan vere noko vått på sørsida, men ein fin og idyllisk sti. Er det ein kald vinter og vatnet frys til is er det populært å stå på skøyter her.

30. Sjøormen.

I austre enden av Litlevatnet ligg sjøormen og speidar utover vatnet. Den vart laga av Børje Møster og plassert i vatnet for oppmerksomhet. Den vart straks populær og eit godt fotomotiv og folk ville behalde den i byen. Gruppa «sjøormen i Litlevatnet» vart oppretta og byens befolkning samla inn 15000.

31. Paviljongen .

Litt lenger inne med vatnet finn du Paviljongen. Den vart bygd av koret Jomentum i 2010 som ei gåve til byen.

Snu og gå litt tilbake til det går ein sti opp til venstre.

Om du ynskjer ein liten avstikkar kan du gå opp til venstre når du kjem opp bakken på denne stien. Den fører opp til den gamle vasstanken på Litleåsen og har innimellom god utsikt mot sentrum.

32. Den gamle bygrensa.

Gå stien til du kjem til vegen igjen, Michael Sars gate. Når du kjem ned i Michael Sars gate står det og eit skilt om den gamle bygrensa. Kryss gata og gå over til kyrkjeparken.

33. Florø Kyrkje .

Florø kyrkje er ei langkyrkje frå 1882. Kyrkja er reist etter teikningar av Jacob Wilhelm Nordan. Bygget er av tre og det er plass til 500.

34. Minnestein

I kyrkjeparken er det ei fontene og i enden av den står det ein minnestein over dei falne i 2.verdenskrig. Ingen andre kommunar i Sogn og Fjordane hadde så mange falne som i Florø.

35. Eric.

I kyrkjeparken finn du ein ny skulptur «Eric». Den vart avduka 8.mai 2020, på frigjeringsdagen, 75 år etter at krigen tok slutt.

SIS-agentane Dagfinn Ulriksen og Atle Svardal var dei to første agentane som vart sett i land på kysten av Norge. Flora Historielag og Flora Krigshistorielag ønskjer med statuegruppa Eric å bidra til at folket på kysten og dei som kjem på besøk hit skal få meir informasjon om dei hemmelege soldatane og hjelparane deira.

Meir informasjon om dette finn du på nettsida kystagentane.no. Det står og ein minnestein med informasjon om desse tre.

Nord for statua er det ein port i steinmuren, gå gjennom den, rett fram og ned bakken til Markegata. Ta til venstre i Markegata og gå bort til Firda Billag, der du kryssar vegen inn igjen i Strandgata.

36. Strandgata 8 – Kjærhuset

37. Strandgata 12 – Smia

38. Strandgata 16 – Hatlemhuset

39. Strandgata 13 – Maria Nic huset

40. Strandgata 18 – Apoteket

41. Horne Brygge

På veggen ved Horne Brygge heng det ei minnetavle etter 17.mai-feiringa i 1945.

42. Sildeguten

Gå til venstre ved Horne Brygge, ned mot Quality hotel, der står Sildeguten. Den var ei gåve frå utflyttarane i samband med byjubileet i 2010. Den er laga av Nina Nesje (f. 1963).

Florø er tufta på sild og Sildeguten står med ryggen til hamna der båtane låg tett i tett under det fantastiske sildefisket på 50-talet. Då var sildeslang ein fast skikk. Gutane fekk springe ombord og hente sild på ein streng som dei tok med seg heim, eller solgte vidare til dei som røyka silda. 

I front ligg no gjestebrygga. Til venstre for hotellet er det serviceanlegg med dusj, toalett og vaskemaskin.  Gå langs kaia austover rundt Horne Brygge. Dette er første parti av den Blå promenaden som etterkvart skal gå heile vegen bort til Amfi.

43. Sildestimen .

Aust for Horne Brygge står skulpturen sildestimen. Den er laga av Hjalmar Lothe og vart avduka under sildebordet 2013. Silda blir kalla havets sølv. Og når silda kom ein gong i januar/februar kasta mennene alt dei hadde i hendene og forta seg ut på fjorden for å få silda ombord i båtane sine. På dei beste dagane låg båtane tett i tett i fjorden og var så tungt lasta at dei berre såvidt var flytande. Då var det om å gjere å forte seg inn til Florø å få lasta av slik at ein kunne ut og fiske meir. På veggen ved skulpturen heng det ein informasjonsplakat.

Gå opp i Strandgata og kryss gata.

44. Strandgata 20 – Lammethunhuset .

45. Strandgata24 - Hopen-huset.

46. Strandgata 23 og 28 – Hjørnevikhuset.

I Strandgata 23 ligg Hjørnevikbua med pub i 1.etg. og restaurant i 2.etg. I Strandgata 28 ligg no Vesle Kinn og dei har eit lite bryggeri bak i lokalet der dei brygger Kinn-ølet. Her kan du gjennom sommaren få deg ei omvisning.

Takk for turen!

 

 

 

 

Kilde: Visit FjordKysten

Kulturvandring i Florø

Sider du nylig har besøkt