Landåsen turområde






Klassisk søndagstur som går etter ei løype som gjev deg naturopplevingar heile vegen. Opplev Eventyrskogen - ei unik framstilling av norske folkeeventyr langs skogsvegen.
Landåsen
Stord – Fitjar (1 : 50.000)
Start og sluttpunkt
Parkeringsplassen på Vabakkjen
Gode parkeringstilhøve. Følg vegen frå Leirvik sentrum mot Sagvåg til parkeringsplass på nordsida av vegen ved innkøyring til Vikahaugane Sportssenter og Stord Ungdomsskule.
Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard. Orienteringsgruppa har òg merka ulike tursløyfer med eigne fargar på pålar og oversiktskart.
Grøn. Lett fottur. Passar òg for barnevogn. Ein støvel etter DNT-systemet
20 - 60moh.
Omlag 1 time
Landåsenområdet er lett å nå frå store delar av Stord. Det er parkeringsplassar og inngongar ved Vabakkjen, Skiphaugen, Valvatna, Lønningsdalen og frå Vassenden på nedre Litlabø. Ved fleire av inngongane står det mindre oversiktskart med tilvising til kvar du er. Ein kan gjerne nytta god tid på tur i Landåsen. Dette er eit område der ein fort får lyst til å gå ei litt lengre sløyfe.
Mellom Vabakkjen og Lønningsdalen til Hadlabrekko er det lysløype.
Dette er ein klassisk søndagstur som går etter ei løype som gjev deg naturopplevingar heile vegen. Turen fylgjer grusvegen inn til Landåsvatnet der ein tek til venstre mot Skjephaugen. I neste kryss er det eit oversiktskart og skilting mot Eventyrskogen - ei unik framstilling av norske folkeeventyr langs skogsvegen. Dette er eit særskilt interessant turmål for dei aller minste. I neste kryss tek ein til høgre attende til Landåsvatnet for å fullføra rundturen.
- Hele året
Kilde: Region Sunnhordland
Landåsen turområde