Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lillingstonheimen

Nyt atmosfæren frå ei svunnen tid med eit herskapeleg opphald i Lillingstonheimen

Velkomen som gjest i den historiske Lillingstonheimen på Tysse i Fjaler. Nyt atmosfæren frå ei svunnen tid, og vert betre kjend med historia som gjer nettopp dette kulturminnet unikt - også i nasjonal samanheng.

Gjestane på Lillingstonheimen disponerer mellom anna rikt møblerte stover med gjenstandar frå den engelske familien Lillingston, og ein sørvend svalgang mot frodig formalhage. Tilgjenge til kjøken i første høgda i hovudhuset, medan gjesterom og bad ligg i andre. Det er buande vertskap tilgjengeleg på staden.

Eit godt utgangspunkt for utflukter

Lillingstonheimen er eit godt utgangspunkt for utflukter til nærliggjande kulturmiljø og attraksjonar. Gå ikkje glipp av gravstaden og parkanlegget "Fredensborg" ein kort spasertur frå hovudtunet; etablert av sorenskrivar og tidlegare eigar Nils Landmark for seg sjølv og eigen familie i 1824.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Lillingstonheimen

Sider du nylig har besøkt