Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

ROSENDAL

Tursti til Malmangernuten frå Rosendal

Topptur til Malmangernuten, der du på toppen får flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger.

På denne turen får du flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger, med hav, fjordar, vassdragsnatur og mektige fjellområde.

Stad

Rosendal

Turkart

Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt

Rosendal Fjordhotel

Parkering

Øvre P-plass ved Rosendal Fjordhotel.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. T-merka med skilt og vardar.

Gradering

Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

0 – 890 moh.

Tidsbruk

4 timar t/r.

Gode råd

Alternativ retur kan vera stien frå Malmangernuten langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen til stidele mot Guddal, eller til stidele mot Rosendal ned den bratte Murabotnen. Sjå rutene "Malmangernuten frå Hattebergsdalen" og "Skeisfjell".

I denne lenkja finn du andre nyttige og viktige råd for fjellturar.

Turomtale

Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel tvers over riksvegen til skilt og merking langs gangvegen til Skeie der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog. Mellom Høyklepp og Hjort har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å sikra det bratte området.

For oppdatert turskildring, sjå ut.no

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tursti til Malmangernuten frå Rosendal

Sider du nylig har besøkt