Hopp til hovedinnhold

VOSS

Noregs adrenalinhovudstad

Voss er ei sjarmerande bygd på Vestlandet. Snødekte fjelltoppar, djupe dalar og skogar, strie elvar, fossar og stille innsjøar.

Voss har knappe 15 000 innbyggjarar, men er kjend for å ha fostra nokre av dei største idrettsutøvarane i landet, som Kari Traa, Lars Bystøl, Eirik Kvalfoss, Egil Gjelland, Kristen Skjeldal og Sjur Røthe.

Med totalt 98 VM- og OL-medaljar har bygda faktisk ein medaljetettleik som manglar sidestykke i verda!

Voss blir kalla for ekstremsportbygda på grunn av dei mange aktivitetane ein finn her. Set utfor ein av Europas beste raftingelver eller kast deg ut av eit fly med fallskjerm på ryggen.

Med dei to skisentera Myrkdalen Fjellandsby og Voss Resort er Voss Vestlandets skimetropol om vinteren. Resten av året er området eit eldorado for vandring, fjellklatring, sykling og mykje meir.

Smak på lokale spesialitetar som smalahove og vossakorv!

I løpet av året blir det halde mange kjende arrangement her som Vossa Jazz og Ekstremsportveko.

Les vidare eller hopp rett til:

Tvindefossen i Voss på Vestlandet
Dame sykler i solnedgang i Voss på Vestlandet
Gutt svever i vindtunellen på VossVind på Vestlandet
Voss Gondol på Vestlandet om sommeren

I nesten 200 år har eventyrlystne strøymt til ville, vakre Voss, midt mellom Bergen, Sognefjorden og Hardangerfjorden.

Det er ikkje rart staden er kjend som Noregs ekstremsporthovudstad.

Kjenn på kicket når du set utfor ei av Europas beste raftingelver …

… susar av garde på to hjul over eit fjell …

… eller hoppar ut av eit fly med ein fallskjerm på ryggen, 4000 meter over bakken!

Om du vil prøve å fly utan å kaste deg ut av eit fly, er vindtunnelen på VossVind staden for deg. Her kan både 5-åringen og bestemor på 80 prøve seg!

Dei to skisentera Myrkdalen Fjellandsby og Voss Resort har til saman nesten 70 kilometer med alpinløyper, 20 skiheisar og flotte område for frikøyring.

Voss Gondol tek deg frå Voss togstasjon til Hangurstoppen (820 meter over havet) på under ni minutt, heile året rundt.

På toppen ventar ei mektig panoramautsikt over bygda, turløyper for alle nivå og herleg, kortreist kost på Voss’ største restaurant.

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

En dame holder opp to sauehoder på Smalahovetunet i Voss på Vestlandet

Regionen har lange tradisjonar for matkultur.

Prøv rømmegraut, spekemat og pinnekjøtt i ei lun stove frå 1700-talet på Smalahovetunet. Her får du sjølvsagt også signaturretten smalahove.

Tør du smake på auget?

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Gamle gårdsbygninger på Mølstertunet i Voss på Vestlandet
Bonderomantisk interiør i et av rommene på Store Ringheim Hotell i Voss på Vestlandet

I fleire hundre år var Voss eit tradisjonelt jordbrukssamfunn, og på Mølstertunet, som i dag er ein del av Voss Folkemuseum, kan du oppleve korleis folk levde frå år 1500 og fram til 1927.

Historie og tradisjonar sit òg i veggane på det fornemme boutique-hotellet Store Ringheim Hotel, som ligg idyllisk til på eit gammalt gardstun.

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar deg.

En gruppe paraglidere lander på en grønn gresslette under Ekstremsportveko i Voss på Vestlandet
Girl in front of Stalheimsfossen waterfall in Voss

I løpet av året blir det arrangert mange store festivalar her, inkludert Vossa Jazz og Ekstremsportveko (på biletet), som er den største ekstremsportfestivalen i verda.

Men ver obs: Har du først fått energikick av Voss, er det fort gjort å bli avhengig!

Voss har oppnådd merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er 100% berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Transport

Planlegg reisa til Voss med Entur.

Les også

Sjå dei beste tilboda våre

Ferdigpakka noregsferie? Sjekk desse gode reisetilboda frå partnarane våre.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.