Hopp til hovedinnhold
Aurlandsfjorden på Vestlandet i høstfarger
En person nyter utsikten fra Preikestolen i Ryfylke på Vestlandet
Solnedgang ved Atlanterhavsvegen på Vestlandet
Blomstrende frukttrær ved fjorden i Hardanger på Vestlandet
En gruppe mennesker på kajakktur i Tafjord i Valldal på Vestlandet
Skikjørere på vei ned fjellet mot fjorden i Sogndal på Vestlandet
To personer plukker epler på Syse gard in Hardanger på Vestlandet
Oversiktsbilde av fiskeværet Grip som ligger langt ute i havgapet utenfor Kristiansund i Nordvest på Vestlandet.
Bryggen i Bergen på Vestlandet
Tre mennesker på byfjellet Aksla i Ålesund på Vestlandet, et av Norges topp 10 reisemål
En person står på Trolltunga og ser utover Ringedalsvatnet i Hardanger på Vestlandet
En person står på Trolltunga og ser utover Ringedalsvatnet i Hardanger på Vestlandet

Vestlandet

Du trur det ikkje før du får sjå det!

Skroll ned for inspirasjon,
eller planlegg reisa no.

Dette minner om eit måleri, ikkje sant?

Men det er faktisk slik naturen er her på Vestlandet.

Difor er det heller ikkje rart at bilete herfrå går verda rundt, ofte tekne på nesten uverkeleg vakre utsiktpunkt, som Preikestolen i Ryfylke …

… eller ved spektakulære Vøringsfossen.

Landsdelen er full av isbrear å utforske på guida turar …

... og mange vegar som berre kan beskrivast som «heilt rå». Atlanterhavsvegen på Nordvestlandet har til og med vorte kåra til «den beste bilturen i verda» av britiske The Guardian.

Utforsk Vestlandet med offentleg transport

Men det er sjølvsagt fjordane dei fleste kjem for å oppleve.

Det smaragdgrøne vatnet får stadig påfyll frå dei mange fossefalla og elvene som kastar seg utfor fjellveggane.

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden står på UNESCOs verdsarvliste og er blant dei mest berømte fjordane våre. Hardangerfjorden, Nordfjord og den 205 kilometer lange Sognefjorden er òg populære reisemål.

I tillegg har vi hundrevis av mindre besøkte fjordar, som er minst like fine.

Dei er nydelege om sommaren …

… men kanskje endå vakrare om våren, når fjellsidene er fulle av fruktblomar.

Eller om hausten, når blada på trea blir raude, oransje eller gule.

Finn roa på ein padletur eller ein båttur …

… eller ta på deg fjellstøvlane.

På Vestlandet skal det godt gjerast å ende opp ein stad der det ikkje er eit fjell å klatre opp på, og utsikta frå toppane er ein premie i seg sjølv. Det er likevel viktig å planleggje turen etter vêr, forhold og erfaring. Nokre ruter er nemleg ganske tøffe, sjølv for erfarne fjellfolk.

Heldigvis er det også massevis av flotte turar som er både korte og lette.

Utforsk nokre av dei mest populære fjellturane på Vestlandet.

Når toppane er dekte av snø, kan du stå på ski ned fjellsidene – heilt ned til fjordane!

Vestlandet er ein populær stad for toppturar, i tillegg til at landsdelen har fleire supre skisenter. Her finn du alt frå offpiste-moglegheiter til familievennlege trekk, mellom anna på Stranda, Myrkdalen, Voss og i Sogndal.

Nokre stader kan du òg stå på ski på ein isbre under sommarsola.

Her på Vestlandet er heldigvis ikkje panoramautsikt synonymt med fjellsko, slitne bein og høg puls.

Gjer det enkelt og haik med ein gondol til toppen i Loen, Voss eller Bergen …

… eller sjå dei majestetiske fjella ruve over vatnet på eit fjordcruise.

Godt tips: Unngå høgsesong og opplev vinter i Hardanger eller bli med på ei vinterreise mellom Bergen og Flåm.

Ikkje gå glipp av Flåmsbana, ein av dei mest spektakulære togturane i verda.

Den kan opplevast på Norge i et nøtteskall, med avgangar frå Bergen og Oslo.

Men det er ikkje den einaste togturen på Vestlandet som har fått internasjonal omtale.

Både Bergensbana og Raumabana fekk ein plass på Lonely Planets liste over Europas vakraste togturar.

Eit anna høgdepunkt er å cruise langs dei Nasjonale turistvegane som snirklar seg gjennom fjordlandskapet og fjellheimen.

Og ja, det tek tid å køyre langs kronglete vegar som dette. Vestlandet er i tillegg mykje større enn det ser ut til på kartet. Vel deg eit område eller to, som du kan nyte og utforske skikkeleg. Det er så mykje du kan oppleve!

Det viktigaste er at du tek deg tid til å stoppe undervegs, mellom anna for å nyte lokalmaten.

Dagens fangst frå havet. Godt viltkjøt. Og frisk frukt og bær – nyplukka eller som sider og jus frå gardar i Hardanger eller langs Sognefjorden.

Kysten på Vestlandet er eit eventyr i seg sjølv, full av sjarmerande små øyer – nokre meir vêrharde enn andre. Her på Grip vart faktisk fleire av husa skylde bort i 1804, men dei vart bygde opp igjen, sidan øya er eit viktig fiskerisamfunn.

Landsdelen har òg fleire spennande og interessante byar.

For mange er Bergen eit naturleg utgangspunkt når dei skal utforske Vestlandet. Byen er ein gammal hansaby, full av historiske skattar som Bryggen.

På Sunnmøre kan du ta turen til Fjellstua og speide utover Ålesund, byen som er kjend for dei fargerike jugendstilhusa. I Stavanger-regionen ventar mykje herleg mat, medan Haugesund er staden å dra om du vil reise tilbake til vikingtida.

Og éin ting er sikkert: Same kvar du reiser på Vestlandet, er du aldri langt unna eit spektakulært utsiktspunkt, som her på Trolltunga.

Klar for eit vilt vestlandseventyr?

Planlegg reisa i dag.

Dei beste ferietilboda på Vestlandet

Bestill det neste fjordeventyret ditt hos partnarane våre.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.