Hopp til hovedinnhold

Setesdal

Levande kulturarv

Køyr gjennom dei koselege småstadene i Setesdal og opplev den perfekte kombinasjonen av fjellopplevingar og rik kulturarv.

Setesdalen på Sørlandet snor seg langs Otra-elva frå Evje i sør til Hovden i nord – ein køyretur på omtrent to timar langs Riksveg 9.

Evje blir rekna som hjartet av regionen, med butikkar, serveringsstader og overnattingshøve. Staden er lett tilgjengeleg med buss, berre ein time frå Kristiansand.

Hovden, som ligg øvst i dalen, er ein populær fjelldestinasjon og har det største skianlegget på Sørlandet.

Evje, Setesdal
The Stulien Robstad family at the farm Syrtveit Gard, in the Setesdalen valley, Southern Norway, all dressed up in Setesdalbunad
A group of young girls dancing "Setesdalsgangar", a traditional Norwegian folk dance from the Setesdal valley in Southern Norway.
A young man from Setesdal playing the hardingfele (Hardanger fiddle), adorned with intricate decorations.

Denne reisa startar i Evje, actionhovudstaden og den sørlege inngangsporten til Setesdal.

Evje er ein populær stad for barnefamiliar, med rafting som ein av dei mest spennande aktivitetane.

Bli med TrollAktiv på eit adrenalinfylt eventyr på den mektige Otra-elva…

… eller fyll heile dagen med moro med deira Adventure Pass, som byr på noko for heile familien – mellom anna tube-rutsjebane, pumptrack, minigolf, klatring, zipline og mykje meir.

I Setesdal lever mange av dei gamle tradisjonane framleis.

På Syrtveit Gard i Evje tek Stulien-familien imot besøkjande og deler stolt lokal mat, handverk og folkemusikk.

Visste du at dans, song, stev og folkemusikk frå Setesdal er så unikt at det til og med har fått plass på UNESCOs liste over immateriell kulturarv?

Kjernen i folkemusikken er hardingfele og munnharpe.

Kulturelle opplevingar

Opplev Setesdals sjarm med ein båttur på den historiske dampbåten D/S Bjoren, og dykk ned i lokalhistoria på Setesdalsmuseet.

Setesdal stave church project

Ein time frå Evje ligg Rysstad. Staden har fantastisk natur og har fostra opp generasjonar av sølvsmedar.

Besøk ein av verkstadene i dalen og kom tett på Setesdals stolte sølvtradisjonar – her blir bunadssølvet framleis forma for hand.

Kanskje tek du òg med deg eit minne heim frå Rysstadsylv på Sølvgården Hotel i Rysstad (på biletet), eller frå Hasla i Valle?

Handverkstradisjonane lever vidare i Rysstad. Her er lokalsamfunnet i gang med å byggje ei heilt ny stavkyrkje med dei same teknikkane som vart brukte i vikingtida. Kyrkja skal etter planen stå ferdig i 2030.

Overnatting

Hugs å ta deg tid til å kvile mellom eventyra med ei god natts søvn. Hotell, camping, glamping eller ei koseleg hytte – i Setesdal finn du det meste!

A man taking a cold plunge in the river at Brokkestøylen glamping
A man climbing in the mountain at the Via Ferrata Nomelandsfjell in Valle

Ellar kva med ei natt i dei luksuriøse domane på Brokkestøylen midt i Setesdal?

Er du ute etter ei meir luftig utfordring? Prøv fjellklatring på ein av dei tre (!) via ferrataane i vesle Valle.

Via Ferrata

Frå enklare klatreruter for barnefamiliar til spennande utfordringar for meir erfarne klatrarar.

To damer går tur i fjellet i Hovden, Setesdal
A woman standing by the river Otra, with a stunning mountain backdrop in the Setesdal Valley.
En person står på slalåm på Hovden i Setesdal på Sørlandet.
To mennesker i et utendørs basseng på Hovden fjellbad i Setesdal

Om du heller vil halde føtene godt planta på bakken, kan du utforske Setesdals fjellandskap til fots.

Mange merka stiar startar rett frå Rv9. Kvifor ikkje ta med barna på ein tur til den mektige Gloppefossen?

Ta deg god tid på køyreturen gjennom Setesdal – kvar sving byr på nye attraksjonar som er verde eit stopp.

Som dette fine rasteområdet ved Honnevje, 2 km nord for Valle. Eit populært badeområde om sommaren, og om vinteren kan du slappe av i ein sauna ved elva.

To timar frå Evje når du Hovden, den nordlege inngangsporten til Setesdal.

Ein populær fjelldestinasjon der du kan nyte ei blanding av rustikk sjarm og moderne komfort.

Når vinteren kjem, blir Hovden forvandla til eit vinterparadis for skibomsar.

Hovden Alpinsenter er det største skianlegget på Sørlandet.

I lågsesongen kan du nyte downhill-sykling på anlegget, om du tek med eigen sykkel.

Hovden Fjellbad spa

Etterpå kan du senke skuldrene på Hovden Fjellbad, med boblebad, sauna, dampbad og eit utandørs infinitybasseng med utsikt over elva og fjella.

Ting å gjere

Er du ute etter spenning eller avslapping? Oppdag kva du kan gjere i Hovden, Evje og heile Setesdal.

Rømmegrøt, Sour Cream Porridge

Alle aktivitetane gir eit behov for påfyll.

Lokale restaurantar i dalen serverer retter laga med ferske, lokale ingrediensar.

Perfekt stad for å kose seg med rømmegraut!

Mat og drikke

Smak på herleg lokal mat og bestill bord på ein fin restaurant.

Sest me snart? Skroll deg nedover for å planleggje reisa i dag.

Setesdal har oppnådd merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er 100% berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Transport

Planlegg reisa med Entur.

Lat deg inspirere

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.