Hopp til hovedinnhold

Planlegg reisa til Setesdal

En glad familie på rafting i Setesdal på Sørlandet

Setesdal byr på ein kontrastfylt miks av actionfylte opplevingar og rik kulturarv som får fram nasjonalromantikaren i deg.

Landskapet i Setesdal er som eit mini-Norge og spenner frå langstrekte kulturlandskap til spektakulære fjellformasjonar.

Området har oppnådd merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er 100% berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Setesdal har lange tradisjonae innan sølvsmedkunst og folkemusikk, og følgjer du Riksveg 9 gjennom dalen, dukkar det opp natur- og kulturopplevingar rundt kvar sving i hyggjelege bygder og tettstader som Evje, Bygland, Hovden og Valle. Men Setesdal er meir enn den historiske arven sin.

Her kan du til dømes teste fotfestet i ein via ferrata, trasse dei rå stryka i elva Otra på raftingflåte, eller utfordre deg sjølv med hinderløypa i ein sykkelpark.

For ikkje å gløyme at du kan stå på ski halve året! Takka vere den geografiske plasseringa har det største skisenteret til regionen, Hovden, sesong heilt frå oktober til mai.

Du finn meir detaljert reiseinformasjon og inspirasjon på den offisielle nettstaden til Setesdal.

Vinteraktivitetar i Setesdal

Sjekk ut nokre av dei beste vinteraktivitetane i Setesdal.

Sommerattraksjonar

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar for deg.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Reiseinformasjon

Mot eit berekraftig reiseliv

Merket for Berekraftig reisemål er eit kvalitetsmerke for reisemål som har starta systematisk jobbing for å redusere den negative påverkinga reiselivet har på omgivnaden. I tillegg til at dette gir gjestene gode opplevingar, ønskjer destinasjonen samstundes å ta vare på staden sin natur, kultur og miljø, styrke sosiale verdiar og vera økonomisk levedyktig. Dette krev eit nært samarbeid mellom kommunen og reiselivsnæringa der formålet er at reisemålet skal vera ein god stad å bu – og ein god stad å besøka.

Finn ut meir om berekraftig reiseliv i Noreg

Bærekraftig reisemål logo nynorsk png

Reis rundt på Sørlandet

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.