Hopp til hovedinnhold
Utsikt over Geirangerfjorden, sett fra Skageflå
To personer i kajakk på Geirangerfjorden

Geiranger

Ei perle på UNESCOs verdsarvliste

Det var ein gong ein stad med majestetiske, snødekte fjelltoppar, brusande fossar og frodige, grøne dalsider …

… men det er faktisk ikkje berre eit eventyr. Det er røyndommen i Geiranger!

Dei unike naturomgjevnadene i Geirangerfjorden vart skapte gjennom ei rekkje istider, då isbreane skar ut djupe fjordar mellom dei høge fjella. Denne naturlege skjønnheita har gjort at området stadig figurerer på lister over dei mest spektakulære stadene i verda.

Imponerande fossefall, som til dømes dei berømte fossane Dei sju søstrene, Friaren og Brudesløret, stuper ned i fjorden, omhylla i ei fjørlett dis.

Det finst òg tallause flotte turhøve, spennande aktivitetar, og dessutan lokal mat og drikke!

Les vidare eller hopp rett til:

Three people pointing at a mountain while on a wintercruise in Geirangerfjorden, Sunnmøre.

Få på deg turskoa, og gå den nasjonale turstien opp til Fosseråsa. På vegen passerer du også bak (!) Storsæterfossen.

Sjå for deg korleis kvardagen var på dei små gardane Skageflå og Knivsflå, der husa nærast klamrar seg fast til bergveggen, fleire hundre meter over fjorden. Ein bratt fottur, men vi lovar – det er verdt det!

Leig ein kajakk og sjå dei majestetiske fjella frå ein litt annan vinkel.

Er du klar for eit adrenalinkick?

Sus gjennom lufta på ein zipline, eller kjenn pulsen slå medan du klatrar gjennom ville juv.

Eller ta eit vintercruise frå Geiranger til Ålesund og opplev urørt natur i eit dramatisk, variert og historisk fjordlandskap på vegen!

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Ørnesvingen utkikkspunkt i Geiranger
Dalsnibba Geiranger Skywalk
Jordbær i kurver

Naviger deg ned dei krappe svingane langs Ørnevegen – ein del av den nasjonale turistvegen mellom Trollstigen og Geiranger. På utkikkspunktet Ørnesvingen kan du puste ut og nyte utsikta.

Ute etter ei endå luftigare oppleving? Sjekk ut Geiranger Skywalk på Dalsnibba, som ligg heile 1500 meter over havet.

Du kan faktisk køyre helt opp!

No byrjar du kanskje å bli svolten?

Her ventar mange nydelege måltid! Fleire av restaurantane i området er stolte over å kunne servere mat med ein lokal vri. Utsikten får du med på kjøpet!

Eller kanskje du vil sanke maten sjølv, rett frå naturen?

Ingenting er som store, nyplukka norske jordbær!

Kjøp med deg ei korg i jordbærbygda Valldal.

På Lingebakken kan du kjøpe frukt og nydeleg jus, produsert på garden.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Juvet landskapshotell

Etter ein lang dag med aktivitetar, ta ein avslappande spakveld på Hotel Union.

Eller tenk å vakne opp …

… omringa av naturen, som på Juvet Landskapshotell.

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar for deg.

Dame på ferje fra Hellesylt i Geirangerfjorden

Å vere på reise i Geiranger er eit eventyr i seg sjølv, som til dømes denne fergeturen frå Hellesylt eller dette fjordcruiset frå Ålesund.

Det er òg lett å ta seg hit med kollektivtransport frå Åndalsnes, Ålesund eller andre stader i området.

Er du klar?

Eventyra ventar!

Geirangerfjorden med Stranda har oppnådd merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er 100% berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Transport

Planlegg reisa til Geirangerfjorden med Entur.

Les òg

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.