Hopp til hovedinnhold
Det gamle tettstedet Lærdalsøyri i Sogn, Vestlandet
Kongevegen i Lærdal
Markedsplassen for Indre Sogn, Lærdalsøyri
Borgund stavkirke i Lærdal
En gjeng koser seg på en gård i Lærdal.
En laks hopper opp en foss
Søt liten landhandelbutikk i Lærdal i indre Sogn

Lærdal

Fjordlandsbyen inst i Sognefjorden

Kom og opplev Vindhellavegen, eit av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har i landet.

Den er ein del av Kongevegen over Filefjell, ei historisk vandrerute som tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg, og som er full av norsk historie og kulturminne av alle slag.

Faktisk var den 10 mil lange vandreruta den mest brukte fjellovergangen for å komme seg frå aust til vest i Noreg.

Den bidrog til utviklinga av Lærdal og Lærdalsøyri, som på den tida vart den største marknadsplassen utanfor Bergen, der Vestlandet og Austlandet møttest.

I dag er det fleire spennande butikkar i dei vakre, gamle sjøbuene og trehusa som utgjer Gamle Lærdalsøyri, innanfor antikvitetar, interiør og lokalmat. Og ikkje minst to koselege trehotell: Historiske Lindstrøm Hotel og nostalgiske Sanden Pensjonat.

28 kilometer utanfor sentrum ligg nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje, Noregs best bevarte stavkyrkje. Det imponerande bygget frå 1180 blir ofte brukt som modell når andre stavkyrkjer skal restaurerast.

På besøkssenteret finn du spennande utstillingar og kafé med lokalmat.

Kjøp med deg ei korg med herlege morellar eller knaskande, søte gulrøter! Lærdal blir ikkje kalla "Vestlandets matfat" for ingenting.

Det unike mikroklimaet gjer dalføret til ein av dei fremste produsentane i landet av frukt, bær og grønsaker.

På breidda av Lærdalselva finn du Norsk Villakssenter.

I lakseobservatoriet kan du sjå atlanterhavslaksen på nært hald, og lære meir om laksefisketradisjonane.

Og dette er berre litt av det du kan oppleve!

Skroll ned for å få fleire gode tips til overnattingar, aktivitetar og serveringsstader.

Overnatting

Mat og drikke

Planlegg reisa og bestill billettar med Entur, som gir deg reiseforslag basert på alle offentlege transportmiddel i landet.

Dei beste ferietilboda ved Sognefjorden

Bestill det neste fjordeventyret ditt hos partnarane våre.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.