Hopp til hovedinnhold

Fjordkysten
og Sunnfjord

Besøk Noregs vestlegaste øyer

Sterke naturkrefter har i tusenvis av år forma kystlandskapet, berre ein to–tre timars køyretur nord for Bergen.

Bli med på ei episk reise frå majestetiske fjordlandskap i Sunnfjord i aust, til den ville kysten og små øysamfunn som Værlandet i vest.

Besøk mektige fossar som Huldefossen og Likholefossen, eller ta ein spennande køyretur over Gaularfjellet

Her får du flotte turopplevingar og kan fiske året rundt. Du kan øyhoppe rundt på dei vestlegaste øyene i landet, oppleve kunst og vikinghistorie eller dra på stormjakt.

Les vidare eller hopp rett til:

Utsikten utkikkspunkt på Nasjonal Turistveg Gaularfjell
Metalbro over Likholefossen

Finn fram sykkelen eller bilen og gi deg ut på ein vakker tur du seint vil gløyme.

Som den nasjonale turistvegen Gaularfjell.

Stopp ved fantastiske utsiktspunkt på den smale og snirklete vegen mellom Sognefjorden og Jølster…

…og ta ein pause ved Likholefossen, der du kan komme tett på takka vere brua. Vandre langs Fossestien på sørsida av elva.

Du kan også bli med på ein guida tur opp bratte fjell
og glitrande isbrear som Haugabreen.

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

En dame går mot et gammelt hus rett ved Jølstravatnet
To jenter sitter og ser på den spesielle Kannesteinen

Nyt utsikta frå Astruptunet til det vakre Jølstravatnet, og sjå på verka til den kjende norske kunstnaren Nikolai Astrup, som henta mykje av inspirasjonen sin frå dette området.

Om du kjem deg ut på vatnet, kan du vere ein av dei heldige som fangar ein aure eller to.

Ta deg eit forfriskande bad i ein foss som denne i Fossedalen eller i ein blikstille fjord, før du dreg ut til…

…skummande bølgjer som slår mot den ville vestkysten…

…der havet har brukt tusenvis av år på å forme den lokale attraksjonen Kannesteinen i Måløy.

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar for deg.

Oversiktsbilde av en sandstrand med blått vann

Oppdag Refviksanden, ein halvannan kilometer lang strand med krystallklart vatn.

Smyg deg gjennom tronge sund og øyer mens du utforskar fjordane og kystlinja i ein kajakk.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Besøk historiske attraksjonar som den segnomspunne Kinnakyrkja og lær meir om den lokale kulturen.

Kva ventar du på?
Start planlegginga no!

Fjordkysten og Sunnfjord har merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene, inkludert den lokale kulturen.

Transport

Planlegg reisa til Fjordkysten og Sunnfjord med Entur.

Sjå dei beste tilboda våre

Ferdigpakka noregsferie? Sjekk desse gode reisetilboda frå partnarane våre.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.