Hopp til hovedinnhold

HARDANGER

Vilt og vakkert

Hardanger på Vestlandet, ein god times biltur frå Bergen, byr på Hardangerfjorden, ein av dei lengste fjordane i verda.

Nyt nydelege bilturar, flotte fjordcruise, spennande fjellturar og mektige fossefall!

Området er også kjent for dei blomstrande fruktgardane sine, noko som betyr at du kan smake på mange herlege, lokale råvarer.

Les vidare eller hopp rett til:

Tre mennesker på fjellformasjonen Trolltunga.
Folk nyter utsikten fra inni glampingteltet Trolltunga sunset dome i Hardanger på Vestlandet.
To menn på brevandring på Folgefonna

Er du ei ekte fjellgeit, så er ikkje spørsmålet om, men heller kva tid du skal klatre opp på Trolltunga. Du kjem nok til å kjenne turen på 10–14 kilometer på kroppen, men utsikta du får i belønning, er noko du seint vil gløyme!

Trolltunga Active og Trolltunga Adventure tilbyr guida turar heile året til tuppen av den velkjende fjelltunga.

Men det er ingen grunn til panikk om du ikkje kjenner deg klar for Trolltunga heilt enno, det finst nemleg enormt mange andre og mindre krevjande, men framleis fantastiske, fotturar i området òg.

Trolltunga er for tiden stengt frem til 8. juni på grunn av høy risiko for steinsprang og jordskred. Alternative turmuligheter i området er Dronningstien og Buerbreen.

Sliten etter den lange gåturen?

Du treng heldigvis ikkje å reise langt for å sove godt. I denne glasdomen får du samtidig nyte fantastisk utsikt til morgonkaffien – eller solnedgangen!

Søkjer du fleire spennande eventyr?

Prøv ein Via Ferrata, eller opplev den tredje lengste fjorden i verda frå ein kajakk eller på ein RIB-safari.

Viss du leitar, finn du raskt ut at Hardanger er ei gullgruve for aktivitetar!

La erfarne Folgefonni Breførarlag guide deg over mektige Folgefonna. Her er det mykje spennande å lære om dei imponerande naturkreftene som har forårsaka dei djupe sprekkane i isen og forma terrenget rundt.

La deg fascinere av den mystiske, blå isen under beina, og den turkise fjorden som ser ut til å strekkje seg til verdas ende.

En mann som ser utover en innsjø og flere fjell.

Turen til det fotovennlege brevatnet Bondhusvatnet er ein av dei mest populære i Hardanger-området. Det er ein kort og relativt enkel tur som du kan gjennomføre heile året. Merk: Det er ikkje tillate å bade her, då vatnet er ei drikkevasskjelde.

Pass på! Det er nemleg lett å få hakeslepp langs dei Nasjonale turistvegane på Hardangervidda. Eit av dei mest imponerande høgdepunkta er Vøringsfossen, som ligg ved ein av Noregs djupaste dalar. Tør du å gå ut på kanten?

Her kan du raskt kjenne deg i eitt med naturen, medan krafta frå den brusande fossen viskar ut alle andre lydar rundt.

Hald fram gjennom tronge Måbødalen til du kjem til fjordlandsbyen Eidfjord. Herifrå kan du mellom anna ta turen opp til den gamle fjellgarden Kjeåsen som vaklar på kanten, 600 meter over fjorden. Utsynet på toppen er verkeleg verd det!

Ruta held så fram til Øystese og Norheimsund, som har fleire spennande museum og dessutan nok ein unik foss: Steinsdalsfossen.

Her kan du til og med sjå det 50 meter høge vassfallet frå innsida!

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Trær blomstrer i en eplehage i Hardanger
Tre venner vandrer langs Sider-ruta i Hardanger
Gamle trehus på Agatunet i Hardanger på Vestlandet
På utsiden av gamle Utne Hotell i Hardanger

Hardangerfjorden byr òg på nokre av dei vakraste frukthagane i Noreg.

Ta gjerne turen hit på våren, når trea er dekt av kvite blomar – eller om hausten, når dei same trea hengjer tunge av frukt, og du kan smake den nydelegaste eplejusen nokosinne!

Finn ut kvifor siderprodusentane i Hardanger stadig hankar inn medaljar for den "nordiske sjampanjen" sin.

Bli med ein guide langs Frukt- og siderruta i Ulvik, og besøk vakre fruktgardar og gardsbutikkar fulle av smakfulle råvarer.

Syse gard er eit av tre stopp langs ruta. Gjennom fire generasjonar her har bøndene laga alle produkta sine lokalt. Smak på syltetøy, eplejus, iskrem og utsøkt lammekjøt – nydeleg!

Aga sideri er ein av fleire lokale produsentar som lagar høgkvalitetssider i Sørfjorden-området. Berre 50 meter unna ligg Agatunet, ein idyllisk og ærverdig klyngjegard med hus datert tilbake til 1220-talet. Det er med andre ord veldig mykje historie i veggane her.

Agatunet tilbyr guida turar, arrangerer kunstutstillingar, kulturelle og historiske utstillingar og andre arrangement.

Det er òg i dette området du finn historiske Utne hotel, som har teke imot gjestar i over 300 år, og kallar seg sjølv for "siderhotellet".

Med hotellet sin tradisjonelle sjarm og knirkande golvplankar samanliknar vertskapet eit opphald her med å vere inne i ei gammal historiebok.

Det er ingen tvil om at hotellet utstråler ekte Hardanger-magi. I dette området har du nemleg eitt hovudproblem – å velje mellom alle dei unike og historiske overnattingsstadene!

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar deg.

Luftfoto av baroniet i Rosendal og hagen utenfor
Iris restaurant på The Salmon Eye i solnedgang på Hardangerfjorden

Eit anna døme er det edle Hotel Ullensvang i Lofthus, der du kan bade både ute og inne, eller berre slappe av og nyte fjordlandskapet frå ei herleg og varm badstove…

…noko som truleg passar bra etter ein dag full av gåturar. Ein populær tur her er opp Munketrappene til den berømte Dronningstien – Dronning Sonja sin panoramatur.

Før du forlèt Hardanger bør du òg få med deg det historiske Baroniet i Rosendal.

Slottet frå 1600-talet er kanskje det minste i Skandinavia, men den vakre rosehagen utanfor, og den tilhøyrande kafeen, er nesten verd turen åleine.

Ute på fjorden ved Rosendal ligg ein av dei største flytande kunstinstallasjonane i verda, Salmon Eye. På besøkssenteret kan du lære om korleis havnæringa fungerer.

I senteret ligg òg den eksklusive Michelin-restauranten Iris Expedition Dining, som byr på ei unik matoppleving med ein 18-rettars smaksmeny.

NB: Restaurant Iris er mellombels stengd for vidareutvikling av konseptet. Du kan framleis besøkje Salmon Eye.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Jente har på Hardangerbunad på en Norledferge
En robåt på stille, turkist vann, med fjell og isbre i bakgrunnen. Hardanger på Vestlandet.

Det er ingen tvil om at mange norske tradisjonar har røtene sine frå Hardanger-området. Nokre hevdar at Hardangerbunaden er Noregs mest populære nasjonaldrakt, med dei mange fargane og broderia sine. I Utne kan du besøkje Hardanger Folkemuseum og få djupare innsikt i dei rike tradisjonane og kulturen frå området.

Er du klar for nye eventyr?

Finn meir informasjon på Hardanger si offisielle nettside.

Transport

Planlegg reisa til Hardanger på Entur.

Les også

Dei beste ferietilboda ved Hardangerfjorden

Bestill det neste fjordeventyret ditt hos partnarane våre.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.