Hopp til hovedinnhold

HARDANGER

Glitrande fjordmagi

Hardanger på Vestlandet, ein god times biltur frå Bergen, byr på Hardangerfjorden, ein av dei lengste fjordane i verda.

Sus ned skibakkane, nyt utsikta på eit fjordcruise, besøk sjarmerande bygder, og unn deg eit Michelin-måltid litt utanom det vanlege.

Vintrane i denne delen av Noreg er ofte relativt milde, med vêr som varierer frå regn og tåke til solskin og snø. Ver merksam på at snø og is kan føre til mellombels stenging av nokre av dei større fossefalla og attraksjonane.

Les vidare eller hopp rett til:

En mann og en hund som ser på Trolltunga fjellformasjonen på vinteren.
Trolltunga Sunset/Sunrise glampingtelt under stjernehimmelen

Den låge sola og landskapet som speglar seg i fjordane.

Vinter og tidleg vår i Hardanger er noko heilt for seg sjølv.

Det er rått og rustikt, nesten litt mystisk.

Og best av alt, det er utan folkemengder. Sommarturistane har reist heim for lengst.

På denne tida av året treng du ikkje stå i kø for å sikre deg eit blinkskot på Trolltunga.

Men turen hit er krevjande, og du må slå følgje med ein guide som trygt viser veg på truger.

Saknar du turkameraten din? Null stress! Lån deg ein husky som kan halde deg med selskap og gi draghjelp oppover dei brattaste bakkane.

Har du tid, kan du ta ei natt i eit luksustelt på toppen, og sjå korleis sola fargar himmelen når ho går ned om kvelden – og opp om morgonen.

Vinteraktivitetar

Finn spennande vinteraktivitetar.

En gruppe mennesker på truger på vei ned fra Trolltunga på Vestlandet om vinteren
Vinter i Lofthus ved Hardangerfjorden på Vestlandet

Alternativt kan du dra på ein kortare og mindre krevjande trugetur …

… eller utforske fjordane i kajakk eller på RIB-safari.

Dei mektige fossefalla i regionen, blant dei den berømte Vøringsfossen, er imponerande å sjå til på denne tida av året: Dei er dels frosne til is, som henta rett ut av ein Disney-film.

Hardanger består av fleire tettstader som er omgitt av fjord og fjell.

Knips deg gjennom fotovennlege Rosendal og Lofthus (på biletet), og lad opp til spennande aktivitetar i og rundt Odda og Eidfjord.

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar for deg.

Iris restaurant på The Salmon Eye i solnedgang på Hardangerfjorden
En dame sitter i sengen og ser ut av vinduet fra Hardanger panorama lodge i Hardanger

Ute på fjorden ved Rosendal ligg ein av dei største flytande kunstinstallasjonane i verda, Salmon Eye. På besøkssenteret kan du lære om korleis havnæringa fungerer.

I senteret ligg òg den eksklusive Michelin-restauranten Iris Expedition Dining, som byr på ei unik matoppleving med ein 18-rettars smaksmeny.

NB: Restaurant Iris er mellombels stengd for vidareutvikling av konseptet. Du kan framleis besøkje Salmon Eye.

På Hardanger Panorama Lodge i Ulvik kan du overnatte mellom tretoppane, med panoramautsikt over fjordlandskapet.

På Voss tar ein gondol deg direkte frå togstasjonen i sentrum til restauranten på toppen av Hangurstoppen.

Når desserten er fortært, kan du leige eit par ski og gli heile vegen ned til Voss Resort.

Både Voss Resort og Myrkdalen er førsteklasses alpinanlegg, med nok bakkar og heiser til å underhalde deg i dagevis.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Et tog kjører på Bergensbanen gjennom et vinterkledd fjellandskap
Tre personer nyter utsikten fra vinduet på Bergensbanen
Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal om vinteren
Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal om vinteren

Eit anna høgdepunkt er Bergensbana, ei av dei vakraste togreisene i verda.

Frå Voss kan du ta toget til Oslo eller Bergen.

Fus for å sitje ved vindauget!

Vil du oppleve mest mogleg i Hardanger, bør du setje av minst to–tre dagar.

Men ver merksam på at fleire populære sjåverdigheiter, som Kraftmuseet i Tyssedal (på biletet), berre er ope på kvardagar om vinteren, med mindre du er med på ein organisert tur.

Så bestem deg for kva du vil oppleve og gjer bestillingane på førehand …

… og lad opp til eit vintereventyr av dei sjeldne.

Les meir om Hardangerfjorden i eit nøttskall.

Finn meir informasjon på Hardanger si offisielle nettside.

Transport

Planlegg reisa til Hardanger på Entur.

Vinter i fjordane

Sjå dei beste tilboda våre

Ferdigpakka noregsferie? Sjekk desse gode reisetilboda frå partnarane våre.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.