Hopp til hovedinnhold

Vintermagi på Vestlandet

Vintermagi på Vestlandet

Rått, røft og fullt av kontrastar – i vinterhalvåret viser Vestlandet seg frå si mest mystiske og magiske side. Opplev vinteren i fjordane!

Om vinteren er det som om dei norske fjordane endrar seg og får ein heilt annan karakter. På Vestlandet kan du oppleve korleis det skiftande vêret påverkar både landskapet og humøret vårt. Det krystallklåre fjordvatnet ligg innhylla i tåke og fjelltoppane er dekka av snø, mens Golfstraumen gjer at strandlina er berr og fjorden isfri. Sommargjestane er dregne, og dei berømte sjåverdigheitene har falle til ro igjen. Kjenn litt på korleis stilla og den mystiske, nesten eventyraktige stemninga snik seg inn i sjela di.

Eit vinterbesøk på Vestlandet kjem til å vekkje sansane dine. Det slåande landskapet skaper ein naturleg leikeplass for artige aktivitetar i snøen, som langrenn, alpint, trugeturar og vinterfiske. Både dei store byane og dei små bygdene byr på restaurantar som serverer lokale spesialitetar med sesongbaserte ingrediensar. Det finst høve i heile regionen til å lære meir om kulturen og historia til vestlendingane – vikingane sine etterkomarar.

Nyt den gode plassen og den rolege stemninga i ditt eige tempo, og dra ut på eventyr i det ukjende.

Utforsk nokre av høgdepunkta

Bergen, Ålesund og Stavanger er ideelle utgangspunkt for å utforske Vestlandet. Då dei er dei største byane i regionen, er dei enkle å kome seg til frå heile landet. Ein kort tur med tog, båt eller buss er alt som skal til for å kome seg frå det urbane livet til den rolege landsbygda eller den rå villmarka.

Tenk over at vegar og fjellovergangar gjerne er stengde vinterstid. Så vurder gjerne offentleg transport når du besøker Vestlandet i vinterhalvåret. Det kan òg vere lurt å rekne litt ekstra tid til reising.

Utgangspunkt: Bergen

Varigheit: 2–7 dagar

Kombiner yrande byliv med fredeleg natur i historiske Bergen – byen mellom dei sju fjell. Ta toget til fjordbygda Flåm, omkransa av bratte fjellsider og frosne fossefall. Bli med på eit fjordcruise, ein rib-safari eller ein guida trugetur. Legg ut på ein av mange flotte gåturar i området, eller besøk vikinglandsbyen i Gudvangen. Du kan òg utforske den vakre Sognefjorden med buss eller båt.

Flåmsbana, som Lonely Planet har kalla verdas mest fantastiske togreise, er ein attraksjon i seg sjølv. Om vinteren er det faktisk mange skituristar som bruker toget som "skiheis".

Myrkdalen skisenter ligg mindre enn to timer med bil unna Bergen og tilbyr eit breitt utval løyper, parkar og off-piste-terreng. Det same gjeld for Voss, der gondolbana opp til skisenteret går rett frå togtrasjonen på Bergensbana.

Bestill ei vinterreise hos Norge i et nøtteskall eller Geirangerfjord i et nøtteskall.

Hardangerfjorden kledd i kvitt

Med Bergen som base har du òg høvet til å dra på ein eventyrleg tur til biletskjønne Hardangerfjorden. Viss du likar ei utfordring, kan du prøve deg på ein guida trugetur til Trolltunga (frå midten av februar til mai), ein av våre mest berømde fjellformasjonar. På Hotel Ullensvang kan du slappe av i ein sauna eller i ein utandørs symjekanal med panoramautsikt til fjordlandskapet.

Utgangspunkt: Ålesund

Varigheit: 2–7 dagar

Jugendbyen Ålesund er det perfekte utgangspunktet viss du vil oppleve Geirangerfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste, i kvite klede. Om vinteren byr området på massevis av artige aktivitetar, inkludert fjordcruise og safariar, i tillegg til guida trugeturar og snørafting. Du kan hoppe på eit dagscruise frå Ålesund, eller bli i nokre dagar.

Ålesund er òg veldig nærme dei snøkledde fjelltoppane i Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane, eit paradis for skientusiastar. Berre 50 kilometer frå Ålesund finn du Stranda skisenter, som er kjend for puddersnø, lange løyper og høvet til å stå på ski frå toppen av fjellet og heilt ned til fjordkanten. Du kan òg ta ein gondol til toppen og nyte panoramautsikt over fjordlandskapet. Viss toppturar er noko nytt for deg, er Stranda ein perfekt plass for å bli med på ein guida tur.

Ålesund er òg nærmast knutepunkt viss du vil besøke Loen Skylift, ei moderne gondolbane som ligg inst i Nordfjord, rundt to og ein halv times busstur frå Ålesund. Gondolbana fraktar deg på fem minutt frå fjorden til toppen av fjellet Hoven, 1011 meter over havet. Vel oppe kan du nyte ei fantastisk utsikt over eit frose fjordlandskap, anten frå eit bord i restauranten, frå eit akebrett eller mens du går på ski (utstyr kan leigast). Gi deg sjølv ei herleg avslutning på ein aktiv dag med eit besøk på badeanlegget til Hotel Alexandra. Her tilbyr dei spa og både innan- og utandørs symjebasseng.

Utgangspunkt: Stavanger

Varigheit: 2–7 dagar

Om lag 200 kilometer sør for Bergen ligg Stavanger-regionen, som er kjend for god mat, gamle trehus og naturattraksjonar.

Bli med på ein guida tur for å sjå på den fantastiske gatekunsten, laga av nokre av verdas beste gatekunstnarar. Utforsk det fascinerande Oljemuseet og nyt ein konsert med anerkjente Stavanger symfoniorkester, før du bestiller bord på ein av dei beste restaurantane i landet, til dømes Michelin-restaurantane Sabi Omakase og RE-NAA.

Stavanger er omkransa av storslåtte naturopplevingar. Dei lange, kvite jærstrendene er ideelle både for ein forfriskande gåtur og for surfing – året rundt. Få òg med deg eit vintercruise på berømte Lysefjorden, eller ta ein guida tur, til fots eller på truger, til Preikestolen. Du kan òg kombinere cruiset med ein gåtur.

På denne tida av året får du gjerne nyte turar og landskap i ro og mak.

Finn ditt eige vestland

Klikk på ikona på kartet for å sjå meir informasjon.

Bestill eit vinterleg eventyr i fjordane

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.