Hopp til hovedinnhold

NORDFJORD

Alt i éin fjord

Velkommen til ein stad der du på under to timar kan oppleve alt frå isbrear og fjordar til kritkvite sandstrender og havet.

Nordfjord ligg på Vestlandet, omtrent 2,5 timar sør for Ålesund og 4,5 timar nord for Bergen med bil. Frå Oslo tek det 5–7 timar hit.

Her får du Noregs villaste landskap på eitt brett! Nordfjord har alt frå høge fjell og ville dalar med brusande fossefall i Stryn og Gloppen, via Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet til dramatiske klippelandskap på Stad og i Bremanger.

Her kan du også oppleve Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet.

Surf langs kysten, ta Loen Skylift til toppen av Hoven og ri ein norsk fjordhest.. Køyr langs Panoramavegen mellom Stryn og Nordfjordeid, som gir deg nettopp dette: Dei vakraste panoramautsiktene!

Les vidare eller hopp rett til:

Vandring til Flatsteinbu i Nordfjord på Vestlandet
En kvinne slapper av i bassenget på Hotell Alexandra i Stryn på Vestlandet
Fugleperspektiv av kajakker på et vann
Briksdalsbreen i Nordfjord på Vestlandet

Pust inn. Pust ut.

Fjorden ligg framfor deg. Akkurat som dagen. Med snødekte fjelltoppar og isblått vatn, er det ofte naturen som stel merksemda di i Nordfjord på Vestlandet.

Du treng ikkje å slite deg ut for utsikta, for i Loen kan du ta Loen Skylift opp til Hoven.

Gå turar på toppen og et herleg mat i topprestauranten.

Om du vil ha ei utfordring, kan du teste høgdeskrekken din i Via Ferrata Loen.

Høgdepunkta er ziplinen og turen over hengebrua som ligg på 750 meter over havet.

Adrenalinkick, garantert!

Ikkje gløym kviledagane, då.

Book eit spaopphald på Hotel Alexandra. Dette flotte, familievennlege hotellet har eit fantastisk spa med både innandørs- og utandørsbasseng og tilbyr ei rekkje aktivitetar.

Utforsk dei spektakulære dalane Oldedalen og Lodalen med dei turkise vatna sine. Leig eit SUP-brett eller ein kajakk, og ta ein pause på ein av dei koselege kafeane eller badeplassane langs vasskanten.

Delar av Jostedalsbreen nasjonalpark ligg i Nordfjord, noko som gir deg høve til å komme tett på isbreane som snirklar seg nedover dalsidene. I Oldedalen kan du gå tur opp til Briksdalsbreen.

Bli med på ein guida isbretur, som til dømes Tystigbreen på Strynefjellet.

Finurleg fakta: Det er smeltevatnet frå isbreane og snøen som gir Oldevatnet og Lovatnet den fine fargen.

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Utsiktsplatå over et fossefall.
En bygd ved en innsjø.
En person kjører ski  om sommeren på Stryn sommerski i Nordfjord på Vestlandet

Oppstryn, inst i Nordfjord, byr òg på mange flotte opplevingar. Utforsk den nasjonale turistvegen Gamle Strynefjellsvegen, med spektakulære utsiktspunkt og fleire imponerande fossefall.

Legg turen innom den sjarmerande bygda Hjelle, der det historiske Hjelle Hotel ligg. Nyt ein god afternoon tea i Gamlebutikken, eller ta med kajakken ut på vakre Oppstrynsvatnet.

Visste du at du kan stå på ski i juni? Ta turen til Stryn sommarski!

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar deg.

En fjordhest står i turkist vann i fjordlandskapet i Nordfjord på Vestlandet
En mann som tar bilde på tur.
En mann fremfor en gårdsovernatting.
Padletur på Breimsvatnet i Nordfjord på Vestlandet

Historieinteresserte, eller dei som likar TV-seriar som Vikings, kan ta turen til kunnskapssenteret Sagastad på Nordfjordeid.

Her kan du sjå ein 30 meter lang kopi av eit av dei største vikingskipa i verda, Myklebustskipet.

Eller lær meir om den lokale historia på Nordfjord Folkemuseum.

Nordfjord er også fjordhestanes heim.

Dra til Norsk Fjordhestsenter for å lære meir om denne norske hesterasen, og du kan til og med helse på hestane og prøve å ri.

På Sandane finn du turområdet Trivselsskogen, som byr på bratte, men fantastiske naturopplevingar. Her kan du mellom anna vitje den spektakulære utsiktsplattforma Fosseteateret, Kjærleiksskogen og ei unik dagsturhytte fylt med barnebøker.

Ta turen til eventyrlege Kandalen for flotte fotturar og smakfulle lokalmatopplevingar.

Overnatt på Sølvane Gard og legg turen innom Kandal Ysteri for å kjøpe Noregs beste brunost laga av geitemjølk.

Like i nærleiken kan du nyte ein roleg kajakktur på eit av dei stille vatna, eller ta utfordringa og gå den krevjande, men flotte turen til Eggenipa i Byrkjelo.

Fottur til toppen av Hornelen i Bremanger på Vestlandet
Et gammelt fiskevær
Selja kloster utenfor Selje i Nordfjord på Vestlandet

Hald fram vestover, så kan du ta turen opp til toppen av Europas høgaste havklippe, Hornelen. Dei aller modigaste kan til og med klatre dei 860 metrane i Hornelen Via Ferrata.

Vent no litt, dette ser jo ut som Syden?

Om du tek med deg solhatt og solkrem, kan ein sommardag på Grotlesanden i Bremanger sjå nesten like eksotisk ut som Middelhavet.

Vetvika er òg ei nydeleg strand, men det krev eit par timar på tur for å komme seg dit.

Like i nærleiken ligg Kalvåg, eit av Noregs best bevarte fiskevêr og eit perfekt utgangspunkt for nye opplevingar. Knutholmen Hotel byr på ekte kystopplevingar, med stilfulle rom heilt i sjøkanten og førsteklasses sjømat basert på lokale råvarer. Prøv den flytande badstova, leig ein kajakk eller bli med på ein fisketur!

I Bremanger kan det vere stas med litt dårleg vêr, spesielt om du tek turen til stormhytta Dosabu for å sjå på naturkreftene i trygge omgivnader.

Like mektige er naturkreftene på Stad, nord for Bremanger. Kjenn råskapen i bølgjene på surfetur til Hoddevik eller Ervik ved Stadlandet. Du kan også ta surfetimar eller bli med på surfecamp.

Det er lite som stoppar bølgjene på veg inn frå det vêrharde havområdet. Her finn du også Noregs vestlegaste punkt, Vestkapp.

Ei anna herleg sandstrand finn du i Selje, der du kan kombinere stranddag med båttur til historiske Selje kloster.

Ein perfekt stad å runde av turen!

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Nordfjord har oppnådd merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er 100% berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Transport

Planlegg reisen til Nordfjord med Entur.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.