Hopp til hovedinnhold

SOGNEFJORDEN

Ein av verdas vakraste fjordar

Sognefjorden på Vestlandet er den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Han er 205 kilometer lang og strekkjer seg frå Solund i vest til Skjolden, som ligg nær Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen.

Dette området er kjent for vakker natur, og det finst fleire nydelege fjordarmar, som Lusterfjorden, Fjærlandsfjorden, Finnafjorden og Nærøyfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste.

Utforsk sjarmerande fjordbygder, flotte fjellturar, spektakulære togreiser og fersk lokalmat.

Les vidare eller hopp rett til:

Planlegg reisen til Sognefjorden: To personer sykler langs Fjordstien i Sogndal ved Sognefjorden på Vestlandet
Aurlandsfjorden på Vestlandet i høstfarger
Fjordbyga Vikøyri ved Sognefjorden på Vestlandet

Reis langsamt og ta deg tid.

Tid til å sykle langs fjordstien, utforske lokal kultur, padle på stille vatn og vandre gjennom ville dalar.

Stopp ofte og berre nyt synet.

Her på Vestlandet er naturen som eit måleri.

Og Sognefjorden, som strekkjer seg 204 kilometer frå kysten nord for Bergen og heilt inn til Jotunheimen, er ikkje noko unntak.

Landskapet rundt Sognefjorden er faktisk så unikt at sidearmen Nærøyfjorden har fått plass på UNESCOs verdsarvliste.

Sjå det sjølv på fjordsafari med RIB-båt eller i fredelegare former, med kajakk eller på sightseeing med ein stillegåande elektrisk båt.

Òg Urnes Stavkirke har fått ein plass på verdsarvlista, medan Borgund Stavkirke i Lærdal er den best bevarte i landet av sitt slag.

Besøk idylliske fjordbygder som Vikøyri, Solvorn, Sogndal, Høyanger, Balestrand, Lærdalsøyri og Årdal.

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

En jente ser på bøker i en utendørs bokhylle i bokbyen Fjærland på Vestlandet
Historiske Walaker Hotell i Solvorn ved Sognefjorden på Vestlandet
Boutiquehotellet 29/2 Aurland på Vestlandet

Plukk med deg nytt lesestoff i den koselege bokbyen Fjærland.

Ved fjorden finn du òg nokre av dei mest staselege trehotella i landet, mellom anna Walaker Hotell, som er Noregs eldste.

Eller kanskje du vil gå for ein meir moderne variant, som boutiquehotellet 29/2 Aurland?

Her kan du dyrke «slow living» i fjordbygda Aurland, som òg er kjend for dei økologiske råvarene sine – og ein heilt spesiell sko!

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar for deg.

To personer nyter utsikten over fjorden fra Molden i Luster på Vestlandet
En person på brevandring på Nigardsbreen i Jostedalen på Vestlandet

Tek du turen til Utladalen, kan du oppleve Nord-Europas høgaste uregulerte fossefall, Vettisfossen.

Turglade bør òg sjekke ut Molden, Keipen, Aurlandsdalen og Kongevegen, nokre av Sognefjordens mest berømte vandreturar.

Har du merka at vatnet inst i fjordane ofte har ein turkis eller smaragdgrøn farge?

Den kjem herifrå.

Det er nemleg smeltevatnet frå isbreane og snøen som gir vatnet den fine fargen.

Bli med på brevandring på den største isbreen på det europeiske fastlandet, Jostedalsbreen, eller sjekk ut Nigardsbreen og Flatbreen.

Start gjerne isbreutflukta med ein tur til Breheimsenteret i Jostedalen eller Norsk bremuseum.

Sjøkreps på Kviknes Hotel ved Sognefjorden på Vestlandet
Et par smaker på epler i Luster ved Sognefjorden på Vestlandet

Etterpå kan du smake på skattane frå fjorden.

Kanskje med noko godt i glaset attåt, som lokal fruktjus?

Fjordklimaet set ein ekstra spiss på mat og drikke herifrå. Eple, jordbær, bringebær, morellar, saft – og ikkje minst vedunderleg geitost og fenalår. Og gammalost, om du er tøff nok!

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike spisestader til moderne luksusrestaurantar.

Vikingbyen Njardarheimr i Flåm på Vestlandet
To personer står på ski ned en fjellside i Luster på Vestlandet
Utsiktspunktet Stegastein ved Nasjonal turistvei Aurlandsfjellet på Vestlandet
Utsiktspunktet Stegastein ved Nasjonal turistvei Aurlandsfjellet på Vestlandet

Minneverdige opplevingar får du òg gjennom togvindauget.

Hopp på Flåmsbana i knutepunktbygda Flåm, len deg tilbake og nyt ein av dei finaste togturane i verda.

Du kan òg ta Flåmsbana som ein del av rundturen Sognefjorden i et nøtteskall.

Flåm er endepunktet for både den kjende sykkelruta Rallarvegen og for Noregs lengste løypestreng, som er heile 1381 meter!

Vikingar ventar i landsbyen Njardarheimr i Gudvangen.

Sognefjorden er også eit syn når han har pynta seg med haust- og vinterdrakta.

Bli med på ei ferdigpakka reise i vikingane si ånd!

Området er også eit toppturparadis, i tillegg til at det er mange gøyale vinteraktivitetar å bli med på utan ski på beina, som trugeturar og hundekøyring.

Om du besøkjer Sognefjorden på to eller fire hjul, bør du få med deg dei nasjonale turistvegane over Sognefjellet og Gaularfjellet.

Eller “snøvegen” over Aurlandsfjellet, med det flotte utsiktspunktet Stegastein.

Vakna reiselysta no?

Planlegg reisa til Sognefjorden!

Sognefjorden har oppnådd merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er 100% berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Transport

Planlegg reisa til Sognefjorden med Entur.

Dei beste ferietilboda ved Sognefjorden

Bestill det neste fjordeventyret ditt hos partnarane våre.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.