Hopp til hovedinnhold

Planlegg reisa til Vestlandet

To personer står på Trolltunga på Vestlandet

På Vestlandet er naturen den største attraksjonen, med djupe fjordar, spektakulære fossefall og spisse fjell som tronar over havet.

Det er få regionar som får like mykje merksemd som Vestlandet, både frå internasjonale turistar og nordmenn som ferierer i eige land. Her vart landskapet danna under siste istid, og både Geirangerfjorden og Nærøyfjorden har fått plass på UNESCOs verdsarvliste.

Langs kysten ventar aude holmar og små kystsamfunn, samt nokre av Noregs mest spennande byar. Dra på ei kulinarisk reise og opplev lokale spesialitetar som speglar gamle tradisjonar.

Når sjølve reisa er målet, kan du cruise langs ti av Noregs nasjonale turistvegar, eller bli med på nokre av verdas vakraste togreiser.

Det skal godt gjerast å oppleve heile Vestlandet på éin tur, så sett av god tid eller fokuser på éin region, sånn at du kan få med deg både populære sjåverdigheiter og skjulte perler.

Slepp unna folkemengdene ved å reise om våren, hausten eller vinteren. Sjekk ut vestlendingane sine egne tips til ei langhelg i Stavanger, Bergen og Ålesund.

Meir detaljert reiseinformasjon og inspirasjon finn du på Fjord Norges offisielle nettside.

Utforsk tilboda under, eller gå rett til:

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Populære turar

Prøv deg på nokre av de flottaste turane på Vestlandet!

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar for deg.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Se filmglimt

Transport

    Planlegg reisa og bestill billettar med Entur, som gir deg reiseforslag basert på alle offentlege transportmiddel i landet.

    Fleire reisetips

    Dei beste ferietilboda på Vestlandet

    Bestill det neste fjordeventyret ditt hos partnarane våre.

    Se våre beste tilbud

    Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.