I Suldal gror vill natur, koselege grender, villaks og prisvinnande arkitektur side om side.




Skattekammeret
SULDAL
I Suldal går prisvinnande arkitektur og natur hand i hand.
Slik som her på Høsebrua, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke.
Er du glad i å vere ute, har du mykje å glede deg til i Suldal. Her kan du fiske i elvene, padle i fjorden og nyte kjensla av å ha fjellet heilt for deg sjølv.
Etterpå kan du lene deg tilbake i ein glamorøs dome, saman med panoramautsikten over ryfylkefjorden.
Du bør også besøke Jelsa, strandstaden som er best bevart i Ryfylke, som også har vorte kåra til den mest idylliske plassen i Rogaland.
Ser det ikkje hyggeleg ut?
Suldal ligg langs Nasjonal Turistveg Ryfylke på Vestlandet, eit par timars køyretur frå Stavanger og Haugesund. Her finn du deg midt i knutepunktet mellom dei høgaste toppane i Rogaland, djupe fjordar, spanande kraftarkitektur og ei rekke gode opplevingar for heile familien.
Suldal er det perfekte utgangspunktet for naturelskaren. Her kan du nyta fjelltoppar med utsikt over fjordlandskapet, oppfylle draumen om å fange storlaksen, overnatte ved idylliske turisthytter og utforske Noreg sitt største damanlegg. I vintersesongen byr Suldal på lysløyper, skileik, skitrekk og toppturar.
I grendene i Suldal kan du oppleva det gode kvardagslivet, med tradisjonsrike overnattingsstader, fine rusleturar og travle båthamner. I kommunesenteret Sand kan du besøkje lokale kafear, butikkar, folkebadet Suldal Bad, museum og kulturhus tett på Sandsfjorden. Arkitekturrundturen Suldal–Sauda–Røldal har den beste samlinga av arkitektoniske verk på Vestlandet.
Suldal med Sauda har oppnådd merket for Bærekraftig reisemål – som ikkje tyder at destinasjonen er berekraftig, men at dei har forplikte seg til å jobbe systematisk for å redusere den negative påverknaden frå turismen og for å styrke dei positive ringverknadene.
Meir inspirasjon finn du på Suldal og Ryfylke sine offisielle nettstader.
Utforsk tilboda under, eller gå rett til:
Aktivitetar og attraksjonar | Overnatting | Mat og drikke | Transport
Ting å gjere i Suldal
Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høydepunkta.
Overnatting
Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn ditt krypinn i Suldal.
Mat og drikke
Frå tradisjonsrike spisestader til moderne luksusrestaurantar – få smaken på Suldal.
Reiseinformasjon
Meir detaljert reiseinformasjon finn du på Ryfylkes offisielle nettstad. Planlegg reisa til Suldal med Entur.
Mot eit berekraftig reiseliv
Merket for Berekraftig reisemål er eit kvalitetsmerke for reisemål som har starta systematisk jobbing for å redusere den negative påverkinga reiselivet har på omgivnaden. I tillegg til at dette gir gjestene gode opplevingar, ønskjer destinasjonen samstundes å ta vare på staden sin natur, kultur og miljø, styrke sosiale verdiar og vera økonomisk levedyktig. Dette krev eit nært samarbeid mellom kommunen og reiselivsnæringa der formålet er at reisemålet skal vera ein god stad å bu – og ein god stad å besøka.




























































































