Hopp til hovedinnhold

Planlegg reisa til Voss

A skiier arriving Voss by train

Lad opp til fartsfylte eventyr, ekstreme omgjevnader og vedunderleg vestlandsmat i Voss, Noregs episenter for ekstremsport!

Voss tek imot deg med snødekte fjelltoppar, djupe dalar og skogar, strie elver og fossar, og stille innsjøar. Bygda har rundt 15 000 innbyggjarar og ligg mellom Bergen, Sognefjorden og Hardangerfjorden.

For adrenalinjunkiane er det få stader i Noreg som har meir å by på. Set utfor ein av Europas beste raftingelver, kast deg ut av eit fly med fallskjerm på ryggen, eller kjenn på fridomskjensla i ein paraglider.

Med dei to skisentera Myrkdalen Fjellandsby og Voss Resort er Voss Vestlandets skimetropol om vinteren. Resten av året er området eit eldorado for vandring, fjellklatring, padling, sykling og mykje meir.

Voss har oppnådd merket for Berekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er 100 prosent berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen sin negative verknad og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Voss Gondol tek deg frå togstasjonen til fjells på ni minutt. På toppen av Hangurstoppen (820 meter over havet) ventar Voss’ største restaurant og ei himmelsk utsikt.

Vestlandsbygda har lange mattradisjonar, og blant lokale spesialitetar finn du smalahove og vossakorv. På Smalahovetunet blir du servert rømmegraut og spekemat, pinnekjøtt og smalahove i ei stove frå 1700-talet.

I løpet av året går det føre seg mange kjende arrangement her – Vossa Jazz og Ekstremsportveko er dei som trekkjer flest folk.

Finn meir inspirasjon på Voss’ offisielle nettside.

Utforsk tilboda under, eller gå rett til:

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Finn fleire aktivitetar og sjåverdigheiter

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar for deg.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Transport

Planlegg reisa til Voss med Entur.

Reis rundt på Vestlandet

Fleire reisetips

Sjå dei beste tilboda våre

Ferdigpakka noregsferie? Sjekk desse gode reisetilboda frå partnarane våre.

Nyt Noreg

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.