Hopp til hovedinnhold

Planlegg reisa til Hardanger

Blomstrende frukttrær ved Hardangerfjorden på Vestlandet en solskinnsdag

Ein av verdas lengste fjordar, ein levande kulturarv og fleire prisvinnande sidrar. Bli med på spennande aktivitetar i Hardanger!

Rundt halvannan time frå Bergen finn du Hardanger og Hardangerfjorden, ein av verdas lengste fjordar. Her får du både vakker natur og ein høgst levande kultur, der hardingfela og hardangerbunaden er kjende nasjonalsymbol.

Du kan sjølvsagt dra ut på den tøffe turen til Trolltunga, dra på guida tur på Folgefonna og kjenne spruten frå Vøringsfossen i andletet. Men lista over ting du bør få med deg, er mykje lengre enn som så. Gå på museum, dra på fjordcruise, eller kom om våren og få med deg den berømte fruktblomstringa.

Og visste du at Hardanger er minst like fint om vinteren?

Overnattar du på eit av dei mange historiske hotella, kan du nyte utsikta over fjord og fjell i ro og mak. Du kan òg køyre ein av dei to nasjonale turistvegane i området. Den eine tek deg tvers over Hardangervidda.

Den lokalproduserte maten her er nydeleg. Dra på smakstur og test nokre av dei beste sidrane i verda!

Meir detaljert reiseinformasjon og inspirasjon finn du på den offisielle nettsida til Hardangerfjorden.

Utforsk tilboda under, eller gå rett til:

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Vinteraktivitetar

Finn spennande vinteraktivitetar.

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar deg.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Transport

Planlegg reisa til Hardanger på Entur.

Reis rundt på Vestlandet

Dei beste ferietilboda ved Hardangerfjorden

Bestill det neste fjordeventyret ditt hos partnarane.

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.