Hopp til hovedinnhold

Planlegg reisa til Sognefjorden

Planlegg reisen til Sognefjorden: To personer sykler langs Fjordstien i Sogndal ved Sognefjorden på Vestlandet

Ved Noregs lengste fjord kan du oppleve nokre av dei mest populære turområda i landet, smakfulle tradisjonar og verdsarvområdet Nærøyfjorden.

Vestlandet er kjend for sine storslåtte fjordar, og ein av dei mest besøkte er Sognefjorden. Den strekker seg frå kysten nord for Bergen og inn til Jotunheimen og Jostedalsbreen. Sidearmen Nærøyfjorden har stått på UNESCOs verdsarvliste sidan 2005.

Andre kjente sidearmar er Lusterfjorden, Fjærlandsfjorden og Finnafjorden. Smeltevatnet frå isbreane og snøen på dei kringliggande fjelltoppane gjer at vatnet i desse fjordane ofte har ein smaragdgrøn farge.

Langs heile Sognefjorden finn du mange koselege tettstader, som kunstbygda Balestrand og bokbyen Fjærland.

Regionen er også kjent for sine sterke mattradisjonar og råvarer av ypperste kvalitet, frå bær og frukt til vilt og geitost.

Fjella som omkransar den inste delen av fjorden er nokre av dei mest poplære turområda i Noreg – her finn du Jotunheimen, Jostedalsbreen, Breheimen, Aurlandsdalen og Utladalen. Gå tur, prøv rafting, klatre, stå på sommarski eller sykle den berømte Rallarvegen.

Sognefjorden har oppnådd merket for Bærekraftig reisemål – som ikkje betyr at destinasjonen er berekraftig, men at dei har forplikta seg til å jobbe systematisk for å redusere turismen si negative påverking og for å styrkje dei positive ringverknadene.

Meir detaljert reiseinformasjon og inspirasjon finn du på Sognefjorden si offisielle nettside.

Utforsk tilboda under, eller gå rett til:

Aktivitetar og sjåverdigheiter

Frå kunst og kultur til storslått natur – her finn du høgdepunkta.

Overnatting

Frå komfortable hotell til koselege hytter – finn staden som passar deg.

Mat og drikke

Frå tradisjonsrike serveringsstader til moderne luksusrestaurantar.

Transport

Planlegg reisa til Sognefjorden med Entur.

Sjå filmglimt

Aurlandsdalen er ein av dei vakraste vandredalane i landet.

Sjå dei beste tilboda ved Sognefjorden

Bestill ditt neste fjordeventyr hos partnarane våre.

Reis rundt på Vestlandet

Flere reisetips

Se våre beste tilbud

Ferdigpakket norgesferie? Sjekk disse gode reisetilbudene fra våre partnere.